Sunnfjord kommune

Skulehelsetenesta på Sunde skule

Skulehelsetenesta på Sunde skule

Helsesjukepleiar på Sunde skule er Trine Hilde Evebø. Ho har som alle andre i skulehelsetenesta teieplikt. 

Kontortid for helsesjukepleiar på Sunde skule

  • Måndag: 08.00–13.30
  • Torsdag (partalsveker): 08.00–15.00
  • Fredag: 08.00–15.00

På desse dagane kan føresette og born ta kontakt med Trine utan å ha avtalt time. Vil du ha kontakt på telefon må du ringe skulen sitt nummer 57 82 87 30.

Dersom du ønskjer å bestille ein time på førehand, ta kontakt med helsestasjonen på telefon 57 72 21 30. Dei har ope alle vekedagar. 

Kva kan helsesjukepleiar hjelpe deg med

Skulehelsetenesta skal vere eit tilbod som det er enkelt å oppsøke, der elevar blir tatt på alvor med sine små og store helseproblem og utfordringar.

Vi samarbeider med andre

Skulehelsetenesta består av helsesjukepleiar på den enkelte skule og skulelegen. Vi har òg ein psykolog i skulehelsetenesta som held til på helsestasjonen. Skulehelsetenesta samarbeider med andre ut frå behovet til eleven. Det kan til dømes vere med lærarane, rektor, fastlege, fysioterapeut, pedagogisk - psykologisk teneste (PPT), BUP og barnevern. Om dette er aktuelt vil det bli bedd om samtykke frå føresette.

Faste tilbod frå skulehelsetenesta

  • 1. steg: Skulestartundersøking hos helsesjukepleiar og lege. Deltek på foreldremøte. 
  • 2. steg: Vaksine mot DTP-IPV. Undervisningsopplegg: "Kroppen min eier jeg".
  • 3. steg: Vekstmåling. Undervisningsopplegg: Helse og trivsel. 
  • 4. steg: Undervisningsopplegg: Psykisk helse
  • 5. steg: Undervisningsopplegg: Pubertet. 
  • 6. steg: Vaksine mot MMR. Deltek på undervisningsopplegg med Smiso. 
  • 7. steg: Vaksine mot HPV, 2 dosar.

Undervisningsopplegg i samband med førebygging av vald og overgrep.

I tillegg til dei faste tilboda gir vi oppfølging til enkeltelevar eller grupper gjennom samtalar.

Skulehelsetenesta er ei lovfesta teneste

Skulehelsetenesta er i dag ei gratis teneste for alle elevar som følgjer undervisning i grunnskule og vidaregåande skule, og er forankra i helsetenesta sitt lovverk. Kikk innom Helse Norge sine nettsider om du vil vite meir om skulehelsetenesta.