Sunnfjord kommune

Karneval

Karneval

Dagen før vinterferien er det alltid karneval på Slåtten skule. Små og store kler seg ut, og vi sel lodd til inntekt for SOS-barnebyar.

I klassane skal solidaritet vere i fokus. I løpet av karnevalsdagen samlar vi alle elevane i gymsalen til song, informasjon om fadderbarnet og utdeling av vinstar. I tillegg har klassane utdeling av vinstar i klassane. Dette er ein dag med mykje moro! Ikkje alle likar å kle seg ut, men eit par solbriller og/eller ein hatt fungerer heilt fint. Sjå meir informasjon i vedlegget nedanfor.