Sunnfjord kommune

Karneval på Slåtten

Karneval på Slåtten

Siste skuledag før vinterferien er det tradisjon med karneval på Slåtten skule. Fjerdesteget hadde program med informasjon om fadderbarnet vårt og barnebyen Viet Tri i Vietnam. Tradisjonen tru hadde vi lotteri.

Vi får mange fine vinstar frå næringslivet i Førde, i tillegg kjøper vi vinstar. Takk til foreldre som leverer kake til kos i klassane. Det er ein kjempekjekk dag! Samlinga i gymsalen blir avslutta med sambadans over scena. Eg var eit hjarte i dag, med bilde av visjonen vår Saman skal vi få med alle, og eit bilde av Slåtten. Slåtten i mitt hjarte! Det kom inn 30 523 kr til SOS-barnebyer. Fantastisk! Tusen takk til alle som har bidrege!

Turid Irene Hatlem, rektor.

Du kan sjå bilete frå dagen på vår Facebookside