Sunnfjord kommune

Arkitektteikna fuglekassar

Arkitektteikna fuglekassar

Slåtten skule fekk ei utfordring frå Atle Skrede om vi kunne lage fuglehus i sløydtimane våre. Tanken var å henge dei opp i området rundt Dagsturhytta. Kunst og handverklærar Reidar Eide svarte sjølvsagt ja på utfordringa, og dermed tok det ikkje lang tid før vi fekk tilsendt arbeidsteikningar til fuglehusa frå den same arkitekten som har teikna sjølve Dagsturhytta.

Fuglekassene var ferdige før påske. Men no har det seg slik at elevane i storskulen framleis er heime grunna koronaen, og det er usikkert når dei får komme tilbake til skulen. Så for å sikre oss at fuglehusa kjem opp medan fuglane er i ferd med å etablere reira sine, fann vi ut at vi kunne la 4. klasseelevane ta ansvar for å hengje dei opp.

Totalt har vi 30 fuglekasser som skal vere på plass i skogen mellom Vieåsen og Gytta i løpet av denne veka. Så no kan også fuglane i dette området ta i bruk sine eigne dagsturhytter. No håpar vi at småfuglane oppdagar desse nye husa vi har satt opp. Vi frå skulen har planar om å følgje opp utover året, og ikkje minst sjå til at reinhaldet vert bra i kassene når fuglane flyttar ut til hausten.