Sunnfjord kommune

17. mai-komite

17. mai-komite

På Slåtten skule er det klassekontaktane og FAU-medlemmane frå 5. klasse som utgjer 17. mai komiteen. Alle foreldra i 5. klasse får ansvar i ein underkomite. Dette er vanlegvis tre slike underkomitear: mat, program/pynting og leik/lotteri. Foreldra i 6. og 7. klasse har ansvar for å bake kake.

Programmet for dagen startar litt etter at programmet i etterkant av 17. mai-toget er avslutta. Det er vanleg med sal av mat, leikar/konkuransar og litt program.

Referat frå møter i 17. mai-komiteen, brev til foreldre, evalueringar, handlelister m.m. ligg i denne delte mappa på nett. Skulen gir  medlemmane i 17. mai-komiteen passord.