Sunnfjord kommune

Skidag i Årdalen

Skidag i Årdalen

Torsdag 27. februar var heile skulen på skidag med langrenn og skileik i Årdalen. Ein instruktør frå Skikrinsen var med oss og hjelpte med organisering av kjekke aktivitetar som passar for alle.

Førebuingar til dagen:

Hugs ski, stavar og skismøring, varme klede til å vere ute heile dagen (gjerne votte- og sokkeskift), gamasjar om du har, sitteunderlag, drikke, mat som kan varmast på bålpanne (t.d. pølser) og i tillegg mat som ikkje treng oppvarming.

Vi organiserer oss i tre «stasjonar» i området, og elevane rullerer mellom dei ulike stasjonane. Det vert tur i løypene, område for skikøyring og eit leikbasert område. Vi prøver å organisere lunsj slik at det ikkje vert for mykje kø ved bålpannene.

Vi set opp bussar frå skulen, og vi vert køyrde med buss tilbake til skulen til vanleg tid når dagen er over. (Ungdomsskulen har ikkje 6. time denne dagen). Dei som bur i Årdalen treng ikkje å møte på skulen, men kan møte direkte på parkeringsplassen ved trakkemaskina 09.30. Dei kan òg gå heim derifrå eller verte henta når dagen er over, seinast 14.00.