Sunnfjord kommune

Informasjon til elevar og føresette på 5.-10. trinn

Informasjon til elevar og føresette på 5.-10. trinn

Her finn du informasjon i samband med at skulen opnar for 5.-10. klasse.

Vi ynskjer 10. klasse velkomen tilbake på skulen måndag 11. mai, og 5.-9. klasse er velkomne tysdag 12. mai.

Vi på skulen treng å bruke fredag 8. mai og måndag 11. mai på planleggjing og praktisk organisering, og elevane som sit med heimeundervisning må klare seg med mindre oppfylging frå skulen desse dagane. Måndag 11. mai har vi diverre ikkje høve til å ta imot elevar i 5.-9. klasse på skulen.

Det er viktig at både elevar og føresette set seg inn i den informasjonen som vert lagt ut her, og at elevane er godt budde til skulestart. Nokre ting kjem til å vere uvante og annleis enn det har vore før, og det er dette de der heime må snakke om på førehand.

Skulen skal framleis vere ein trygg og kjekk plass å vere for elevane.

 Vi legg ut informasjon her, og sender skriv på e-post, så snart vi har ny informasjon til heimane.

 

Informasjonsskriv til heimane

 

Informasjonsskriv frå Skei skule 08.05.20 (DOCX, 52 kB)

Informasjonsskriv frå Sunnfjord kommune 08.05.20 (PDF, 311 kB)

Informasjonsskriv om skuleskyss frå Vestland fylkeskommune  08.05.20 (PDF, 127 kB)

Informasjonsskriv om sjukdom (eleven må vere heime) frå kommuneoverlegen 28.04.20 (PDF, 20 kB)

Informasjonsskriv frå skuleskyss 23.04.2020 (PDF, 152 kB)

 

Korte informasjonsfilmar for barn og vaksne

 

Informasjon om koronavirus for barn og unge (3 min)

Slik vaskar du hendene (1 min)

Teiknefilm om opning av skulen (2 min)

Hands up! Ein feel-good-film om handhygiene (2 min)