Sunnfjord kommune

Informasjon til elevar og føresette på 1.-4. trinn

Informasjon til elevar og føresette på 1.-4. trinn

Her finn du informasjon i samband med at skulen opnar for 1.-4. klasse.

Det er viktig at både elevar og føresette set seg inn i den informasjonen som vert lagt ut her, og at elevane er godt budde til skulestart måndag 27. april. Nokre ting kjem til å vere uvante og annleis enn det har vore før, og det er dette de der heime må snakke om på førehand.

Skulen skal framleis vere ein trygg og kjekk plass å vere for elevane.

No har den nasjonale rettleiaren for skulane kome, og vi jobbar fortlaupande med planlegging og praktisk organisering. Vi legg ut informasjon her, og sender skriv på e-post, så snart vi har ny informasjon til heimane. Det er sendt ut ein e-post i Visma Flyt Skule onsdag, og det kjem meir detaljert informasjon frå skulen på fredag.

 

Informasjonsskriv til heimane

 

Informasjonsskriv om sjukdom (eleven må vere heime) frå kommuneoverlegen 28.04.20 (PDF, 20 kB)

Informasjonsskriv frå skulen 24.04.2020 (DOC, 71 kB)

Informasjonsskriv om opningstidar i SFO frå kommunen 24.04.2020 (PDF, 159 kB)

Informasjonsskriv frå skuleskyss 23.04.2020 (PDF, 152 kB)

Informasjonsskriv frå kommunen 22.04.2020 (DOCX, 57 kB)

 

Korte informasjonsfilmar for barn og vaksne

 

Informasjon om koronavirus for barn og unge (3 min)

Slik vaskar du hendene (1 min)

Teiknefilm om opning av skulen (2 min)

Hands up! Ein feel-good-film om handhygiene (2 min)