Sunnfjord kommune

Referat frå møte i SMU skuleåret 2018-2019

Referat frå møte i SMU skuleåret 2018-2019

Referat frå møte i SMU skuleåret 2018-2019

 

21/11-17
Ellen Bijsterbosch orienterte om trafikktryggingstiltak i høve parkering, henting/bringing. Det er snakk om å lage ein parkeringsplass nede ved enden av gangbrua. Denne saka har eg ikkje høyrt meir kring så den vil eg undersøkje før neste møte.
Orientering kring utbygging mellomtrinn og ventilasjon/vindauge på barneskulen. Arbeidet er no ferdig og elevane kan få nytte det nye klasserommet til hausten. Det manglar noko inventar som må på plass. På barneskulen har det vorte mykje betre kluft/lyd no når ventilasjon og nye vindauge er på plass!
Rektor orienterte kring skjerpa regelverk kring §9a – mellom anna at no har skulane ei aktivitetsplikt innan ei veke frå ein får melding om at nokon har fått krenka retten til eit trygt skulemiljø.

 

13/3-17

Bjarte Årdal orineterte om overskotsmidlar frå klatreparkprosjektet på Skei. Han ville ha inn forslag frå FAU/SMU, elevråd og tilsette på skulen om kva vi skal bruke midlane til. Det står att over 100.000 som var tiltenkt eit gjerde mot kunstgrasbana. Viss det blir hall ville dei nytte pengane på anna enn gjerde…Denne saka vert tatt oppatt på møtet no i juni.
Laila Tefre orienterte om prosjektet kring fotballhall på Skei.
Rektor orienterte om budsjett og rammetimar for neste skuleår.