Sunnfjord kommune

Referat frå møte i KFU 15. januar 2020

Referat frå møte i KFU 15. januar 2020

Referat frå møte i Sunnfjord Kommunale foreldreutval (KFU) 15. januar, 19.00- 21.15

Referat frå møte Sunnfjord KFU 15.01.2020 kl.19.00- 21.15

Rådhuset i Førde.

Gjennomgang av oppmøte:
Bygstad skule: Trine Lise Sagmo FAU-leiar
Dag Asle Boge Vara
Flatene skule: Geir Are Strømnæss FAU-leiar
Mariann Olga T. Flo FAU-nestleiar
Frøysland skule: Anne Karin Nes FAU-leiar
Ingunn Rørvik FAU-nestleiar
Førde Barneskule: Gunvor Beate Bjordal Solvik FAU-nestleiar
Førde Ungdomsskule: Øyvind Farsund
Halbrend skule: Lin Hjelmeland Finjord FAU-leiar
Reidun Brekke FAU-nestleiar
Holsen skule og barnehage: Meldt forfall
Karstad skule og barnehage: Jens Kristian Bjørkedal FAU-nestleiar
Naustdal skule: Steinar Kleppe FAU-leiar
Sande skule: Trude Hansen Folkestad FAU-leiar
Marit Solveig Nedrebø Vara
Skei skule: Tone Støylen Holgersson FAU-leiar
Halvard Avdem FAU-nestleiar
Slåtten skule: Roger Midtbø FAU-leiar
Roger Eide FAU-nestleiar
Sunde skule: Meldt forfall
Vassenden skule: Henning A. Hellebust FAU-leiar
Viksdalen skule: Hildegunn Hoff Hana FAU-nestleiar
Steinar Ness Vara
Vevring skule og barnehage: Møtte ikkje
Kommunalsjef: Åge Stafsnes
Mot slutten av møtet fekk ein besøk av Nynorsk praktikant frå NRK: Sjur Mikal Dolve

SAK 08-19/20 Mål for Sunnfjord KFU (Sak frå leiar)
Fire gode kommunar til éin storkommune (Sak frå leiar)
(Overført frå sak 02-19/20 på førre møte). Trygg skulekvardag og god kultur for alle elevane våre. Kva inneber kommunesamanslåinga for elevane i dei 16 grunnskulane?

Vidareføring av viktige, positive faktorar.
Vi tek opp att emnet klassetur og Polen-tur.


 Lage ei eiga gruppe i KFU som jobbar med vidareføring av viktige, positive faktorar.
 Dersom tid, jobbar gruppa saman på slutten av møtet. Jobbe vidare internt, med snarleg framdriftsplan. Rapportere status til KFU for godkjenning.
 Gruppa formar dokument som sendast til Sunnfjord kommune med kopi til KFU/Kommunalsjef skule.

Dette var ei sak, som også var oppe på møtet i oktober. Grunna stort engasjement, så vart den teke opp att no i januar. På møtet i oktober kom det forslag om å setje ned ei arbeidsgruppe.

Det kom opp eit spørsmål frå salen, om dette var hensiktsmessig likevel. Ein kom fram til at ein valde å oppretthalde arbeidsgruppene.
Eit viktig tema for denne gruppa er å få fram positive lokale moment, som er viktig å ha med seg inni den nye kommunen.

Stafsnes orienterte litt om kva som står i skulelova. Der står det at ein skal ha minst 3 overnattingar. difor så må ein lande på kva som skal være tilbodet i den nye kommunen. Ein må ha eit likeverdig tilbod i alle delar av kommune, men med lokal forankring. For skuleturar så er det veldig tydeleg at det er gratisprinsippet, som gjeld. Staten har signalisert at dei ønskjer å gje støtte til Polenturar, men understrekar gratisprinsippet atter ein gong.

Ein vart einig om å setje ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide med å få inn positive faktorar på alle felt, ikkje berre ting knyta skuletur/Polen tur. Dei som vart med i gruppa er:

Steinar Kleppe, Naustdal skule. Han fekk ansvar for å kalle inn. Trude Folkestad, Sande skule Gunvor B. Bjordal Solvik, Førde barneskule Henning A. Hellebust, Vassenden skule. Gruppa vart einige om at det vart oppretta ei Facebook-gruppe, som eit av arbeidsreiskapane. Mandatet til gruppa er å finne argument både for og imot klassetur/skuletur. Hente inn moment frå ALLE skular. Vidareføre dei gode tinga frå kvar kommune. Lage spørjeskjema til/frå foreldra? «Kjærleik og grenser» opplegg i gamle Gaular, og «MOT» frå Halbrend skule var døme som vart nemnt på møtet over positive aktivitetar. Vi oppmodar alle skular å sende inn innspel over positive faktorar, over kva som bør være med vidare.

SAK 09-19/20 Firedagarsveke/femdagarsveke (Sak frå Bygstad FAU)
Firedagarsveke/femdagarsveke (Sak frå Bygstad FAU)
(Overført frå sak 03-19/20 på førre møte).
Høve for lokale tilpassingar?
❖ Lage ei eiga gruppe i KFU som jobbar med denne saka.
❖ Dersom tid, jobbar gruppa saman på slutten av møtet. Jobbe vidare internt med snarleg framdriftsplan. Rapportere status til KFU for godkjenning.
❖ Gruppa formar dokument som sendast til Sunnfjord kommune med kopi til KFU/Kommunalsjef skule.

Stafsnes orienterte om vedtaket, som vart gjort då ein greidde ut korleis strukturen skal være i den nye Sunnfjord kommune. Der vart det lagt føringar for at alle skular skal ha femdagarsveke. Det ligg pedagogiske årsaker bak kvifor ein vil ha femdagarsveke. Den 6.februar skal oppvekstutvalet i Sunnfjord kommune ha møte, der ein endeleg skal vedta struktur. Spørsmålet er no om det er lov med lokale tilpassingar, eller om tal skuledagar pr. veke skal være likt i heile kommunen.

Representant frå Karstad skule bar fram at dei hadde vore sterkt imot innføring til femdagarsveke, men etter å ha sett fordelane så ville dei ikkje gå tilbake til firedagarsveke. Dei hadde sett at skulebarna fekk ein betre skulekvardag med kortare dagar, kontra 4 tunge og lange dagar.
Det var fleire innspel på at med femdagarsveke, så set det større krav til SFO. Det gjekk fram av fleire kommentarar på møtet at SFO kvaliteten må det sjåast på.

SFO-tilbod må harmoniserast. No er det ulikt tilbod, og ulike prisar ut dette skuleåret.

Stafsnes orienterte om at Kommunedirektøren har forslått at det skal lagast fire tilbod. Minstetilbodet er på 10 timar pr. veke. Dette er fordi at for å få betre kvalitet så treng ein at barnegruppa er der tilstrekkeleg tid ilag. SFO skal være sjølvfinansierande. Det ligg inne eit forslag om at ein ikkje skal betale meir enn 6% av inntekta på SFO. Det er viktig med innspel om SFO. Sunnfjord har i dag tilbod pr. skule. Samla sett så må SFO bli sjølvfinansierande i kommunen. For 2019 så har SFO eit underskot på 4 mill., når ein ser alle dei fire kommunane under eit. Førde har hatt sjølvkost, dei andre har hatt underskot. Ein må få til ein plan for kvaliteten i SFO, ikkje berre pris. Det er signalisert at ei stortingsmelding om SFO er i tjømda.

Ved skulane på Karstad og Holsen så er SFO lagt til barnehagen. Det fører gjerne til at skuleborna føler seg lett for store til tilbodet. Viksdalen opplevde at tilbodet er sårbart pga. få som treng SFO.
Eit synspunkt som kom fram er at ein må lytte til at det er forskjellar. Og ein såg at det var viktig å få med også store skular med mange elevar inni arbeidsgruppa. Dette for å få med alle viktige aspekt.
Arbeidsgruppa må være ferdig med innspela i starten av februar. Pga. møtet i Oppvekst utvalet den 6.februar.

Arbeidsgruppa ser slik ut: Trine Lise sagmo, Bygstad skule. Fekk ansvaret for å setje i gong arbeidet i gruppa. Jens Kristian Bjørkedal, Karstad skule Halvard Avdem, Skei skule Anne Karin Nes, Frøysland skule Hildegunn Hoff Hana, Viksdalen skule Geir Are Strømnæss, Flatene skule
Vi oppmodar alle skular å sende inn innspel, over positive/negative moment for/mot dei to ulike forslaga.

Sak 10 – 19/20 Nye Læreplanar (Sak frå leiar KFU) /
Sak 11 – 19/20 Informasjon frå kommunalsjef for skule, Åge Stafsnes

Nye læreplanar (Sak frå leiar KFU)

Kva bør vi som foreldre/føresette kjenne til i ny læreplan?
❖ Ynskjer brief frå Kommunalsjef skule og Lærar/repr i KFU
Roger Eide gjekk gjennom kvar foreldre og føresette kan gå inn å lese sjølv kva som som står på Utdanningsdirektoratet sine sider. Her finn ein lett både planar og lovverk.

https://www.udir.no/

Klikkar ein seg innpå: Læreplaner så får ein opp ei side der ein kan trykke på: Hva er nytt i læreplanverket? På denne sida så kan ein lese om korleis ein skal innføre den nye læreplanen, som er vedteke.

«De nye læreplanene innføres trinnvis over en periode på tre år.
• Skoleåret 2020–21 tar 1.–9. trinn og Vg1 i bruk nye læreplaner.
• Skoleåret 2021–22 tar 10. trinn og Vg2 i bruk nye læreplaner.
• Skoleåret 2022–23 tar Vg3 i bruk nye læreplaner.

Ny overordnet del av læreplanverket
Ny overordnet del av læreplanverket erstatter generell del av læreplanen og prinsipper for opplæringen. Overordnet del gjelder alle læreplaner og beskriver hvilke verdier og prinsipper grunnopplæring skal bygge på.

Overordnet del av læreplanverket

Ny læreplanstruktur

Læreplanene har fått ny struktur:
1. Om faget
• Fagets relevans og sentrale verdier
• Kjerneelementer
• Tverrfaglige tema
• Grunnleggende ferdigheter
2. Kompetansemål og vurdering
3. Vurderingsordning»

Det vert ein ny måte å lære på, der kompetansebegrepet vert viktig. Ein skal ha meir djubdelæring, og ein skal arbeide meir tverrfagleg. Kompetansebegrepet vert grunnlaget for tenking.

«Kompetansebegrepet
Læreplanene har fremdeles kompetansemål, men kompetansebegrepet er fornyet: Kompetanse er å kunne tilegne seg og anvende kunnskaper og ferdigheter til å mestre utfordringer og løse oppgaver i kjente og ukjente sammenhenger og situasjoner. Kompetanse innebærer forståelse og evne til refleksjon og kritisk tenkning.

Les mer om kompetansebegrepet i overordnet del Dybdelæring De nye læreplanene skal legge til rette for dybdelæring. Samfunnet og arbeidslivet endrer seg med ny teknologi, ny kunnskap og nye utfordringer. Vi trenger barn og unge som reflekterer og er kritiske.

Presisering av grunnleggende ferdigheter
Læreplanene inneholder fortsatt de fem grunnleggende ferdighetene å kunne lese, å kunne skrive, å kunne regne, muntlige ferdigheter og digitale ferdigheter. Ferdighetene er presisert i "Om faget" til hver læreplan.
Omtale av vurdering i fag

Læreplanene inneholder en fagspesifikk omtale av vurdering for hvert trinn det er kompetansemål for. Omtalen uttrykker hva elevene samlet sett skal vurderes etter i underveis- og sluttvurderingen.»

Roger tok møtet med eit klikk tilbake og såg på faget: Norsk. Pass på å klikk på flere, så får ein opp alle «gardinene». Klikkar ein på: Norsk, så får ein opp Læreplan i norsk (nor 01-06). Ser ein på høgre sida så er det ein boks med eit spørsmål: Hva er nytt i norsk? Klikkar ein på det, så kan ein lese om kva som er den nye måten å lære på.

«Hva er nytt i norsk?
I læreplanen er det lagt opp til at elevene i større grad skal arbeide utforskende i faget. De skal finne ut av, sammenligne, drøfte og reflektere over språk og tekster, både alene og sammen med andre.
Artikkel Sist endret: 18.11.2019

Norskfaget skal fortsatt være både et språkfag og et kulturfag. Det vil si at faget skal bidra til at elevene blir trygge språkbrukere, og at de får innsikt i den rike og mangfoldige kulturarven i Norge. Faget har et særlig ansvar for å utvikle elevenes muntlige ferdigheter og for opplæringen i å kunne lese og skrive. Elevene skal lese skjønnlitteratur og sakprosa for å oppleve, bli engasjert, lære og få innsikt i andre menneskers tanker og livsbetingelser.

De største endringene dreier seg om at elevene i større grad skal arbeide utforskende i faget. De skal finne ut av, sammenligne, drøfte og reflektere over språk og tekster, både alene og sammen med andre. Dette grepet skal gi elevene mulighet til å lære på en aktiv måte og bygge ny kunnskap på det de allerede kan og vet. I læreplanen er det lagt vekt på at elevene skal forholde seg kritisk til det de leser, at de skal reflektere over hva slags påvirkningskraft og troverdighet tekster har, og at de selv skal være bevisste på hvordan de framstiller seg selv og andre digitalt.

For å legge til rette for at lærer og elever bruker mer tid på sentrale deler av faget, er antall kompetansemål redusert, og mål som har vært overlesset, er strammet inn. Læreplanen legger opp til et tydeligere komparativt perspektiv på arbeid med språk og tekst. På 8. og 9. trinn og i Vg1 og Vg2 skal det i halvårsvurderingen gis én samlet karakter i norsk skriftlig, basert på den kompetansen eleven har vist både i skriftlig hovedmål og skriftlig sidemål. Færre karakterer i underveisvurderingen kan bidra til en mer helhetlig skriveopplæring og gi mulighet til å arbeide grundigere med tekstene elevene skriver.
Timefordelingen mellom norsk og engelsk på yrkesfag er endret slik at elevene skal ha all opplæring i engelsk på Vg1, mens all norskopplæringen er lagt til Vg2. På de yrkesfaglige studieretningene har en fjerdedel av kompetansemålene fått yrkesfaglig innhold for å gjøre opplæringen mer relevant for elevene. Tilsvarende er noen mål på Vg 1 studieforberedende utdanningsprogram gjort mer studierettet for å forberede elevene bedre på videre utdanning.»

Det siste Roger presenterte var linken til Regelverk, tilsyn og tilskudd. Ligg på framsida til Udir.no på «øverste linje.» Klikkar ein på den, så får ein opp 3 kolonnar. Ved å klikke på den til venstre på Opplæring – oversikt regelverk så får ein oversikt over mange regelverk som gjeld for dei ulike områda i ein skulekvardag. Klikkar ein på Regelverkstolkninger fra Udir så kan ein lett søkje på lov om opplæring der ein bl.a. kan lese om: § Kapittel 9A Elevane sitt læringsmiljø, og § kapittel 11 Organ for brukarmedverknad i skulen. Den siste paragrafen er med på å medverke til at vi har FAU.

Etter denne gjennomgangen så fortsatte Stafsnes å utdjupe kva den nye opplæringslova ville bety for skulekvardagen. Det er eit omfattande lovverk, mykje er lovregulert og det er mykje å halde seg til.

Foreldre kan kome i ein situasjon der at ein opplever at barnet sitt ikkje har ein bra skuledag. Då får ein kanskje spørsmål om kva seier lovverket om det?
Nytt i lovverket er at kompetansemål er redusert i alle fag, unnateke matematikk. Der er det mål for alle trinn. Kompetansemåla kjem kunn digitalt. Det overordna målet at ein skal arbeide tverrfagleg.

Alt skal være på plass til 1.aug. 2020, då den nye læreplanen for grunnskulen skal gjelde frå.

Eit spørsmål frå salen til Stafsnes var korleis skal dette løysast for lærarane? Djubdelæring er ein anna måte å lære på. Svaret frå Stafsnes er at lærarane må arbeide meir saman.

Korleis skape djubdelæring i kvar time?
Stafsnes brukte døme om å være komponist. Før så lærte ein om dei ulike komponistane, t.d. Bach, Mozart og Beethoven. No så skal ein lære godt og grundig om korleis det er å være komponist, der ein kanskje tek utgangspunkt i ein lokal komponist. Så har ein kanskje 10 min, om komponistane Bach, Mozart og Beethoven.

Sunnfjord kommune står ovanfor omfattande endringar. No er det tre hovudpunkt som skal gå igjen i alle fag. Det er:
• Livsmestring
• Demokrati og demokratiforståing
• Berekraftig utvikling

For å kome desse store endringane i møte på å undervise på, så har alle skulane fått ein dag med Learnlab. Fire og fire skular samarbeider med Høgskulen på Vestlandet. Ein har bygt opp ein omfattande struktur for å kome dei nye krava i møte.

Staten vil ikkje lenger støtte kjøp av skulebøker. 1.-2. klasse skal få utlevert nettbrett. Frå 3.klasse skal alle ha pc. Alle fag skal ha koding.
Målet er at ein skal ha ein inkluderande skule og barnehagemiljø. Ein må harmonisere ulike vedtekter og tilbod både i skule og på SFO.
Ein må investere i IKT utstyr for 70-80 000 pr. klasserom. Ein må og sjå på data infrastrukturen.

Frå salen kom det og fram at IT infrastruktur er eit problem også i enkelte bygder. Ein har rett og slett ikkje tilgang på internett. Einaste er kanskje rådyre mobilnett løysingar.

Stafsnes svarte at ein må gje rom for å løyse ting på skulen, men at opplæringa no har som utgangspunkt at alle har internett heime.
Eit moment frå salen var at det er ei kompetanse utfordring også blant lærarar. Ein har ulike system/ulike programvarer som kanskje ikkje snakkar ilag. Stafsnes svarte at ein har eit samarbeid med høgskulen for å auke IKT kunnskapen hjå lærarane.

Spørsmål frå salen: Kor mykje tid er satt av til at lærarane for innføring av den nye læreplanen? Stafsnes: Det er ikkje satt av noko ekstra. Ein skal klare det innafor dei vanlege rammene, som er sett av til planlegging. Den enkelte skule skal lage ein plan over innfasing av den nye læreplanen. Ein skal og ha eit samarbeid med Høgskulen og Learnlab.
Ein må lære seg i å tenkje meir tverrfagleg utvikling, og endring i tenking korleis undervise.

Frå salen kom det igjen at ein var uroa for at denne kompetanse endringa krev mykje, og det må ein ikkje bagatellisere. Stafsnes meinte at ein hadde fokus på omforminga på dei ulike profesjonane. Erfaring syner at det tek ca. 10 år å innføre ein ny læreplan. Han er heller ikkje bekymra for kvar Sunnfjord kommune er i løypa.

Ei meiningsytring frå salen: Det er ingen liten jobb å øve opp barna i kritisk tenking. Det er frustrerande med store reformer, når det ikkje vert satt av tid til det.

Stafsnes: Tidlegare erfaringar er at det ikkje har gitt effekt med store kurs. Effekt har vore å arbeide saman i profesjonen. Ein har no mindre konkrete planar, og det vert PC til alle.

Spørsmål frå salen var då kva lærarane får? Stafsnes: Det vert bygt opp digitale plattformer, som dei kan bruke.
Eit anna spørsmål som kom, var korleis skal vi foreldra halde oss til dette? Svaret var at foreldra skal ikkje på kurs, for å handtere den nye læreplanen.
I følgje økonomiplanen så er det satt av nok midlar til innfasing av IKT i skulen.
Det kom opp spørsmål om uteområder til skulane i Jølster. Dei er jo no borte pga. utbyggingar.

Dette med symjehallar vart teke opp som problemstilling. Både teknisk vedlikehald, med uplanlagde stengingar t.d. i Gaular og kapasitet i Førde vart lufta. Stafsnes: Ein må sjå til at alle får likt tilbod. Økonomiplanen er samansett av planar for dei fire kommunane før samanslåing. No skal det lagst ny plan, som skal oppi juni.

Sak 12 – 19/20 Ymse
Kroppspress. Helse, trivsel og mobbing vart spelt inn som sak frå Halbrend skule. Der har ein sett at det finst elevar som kvir seg for å dusje, p.g.a. mangel på skiljeveggar.

Utifrå kommentarar på møtet, så gjeld dette også andre skular.
Det er viktig at ein får inn slike behov frå einingsleiar ved den enkelte skule.
Ein kan og be elevråda kome med synspunkt. Det er dei, som kan nærmast uttale seg om korleis det er. Det er og viktig å kartlegge korleis elevane opplever det.

Det kom og innspel at vi kan ikkje lage spesialting for alt, fordi nokon har motførestilling.

Det er og viktig med oppdraging av ungdomane, slik at dei kan handtere ein kvardag der det er kamera over alt.

Eit spørsmål som då kom opp er kvar er mobilane i skuletida? Innelåst eller til fri bruk?

Mot slutten av møtet fekk ein besøk av Nynorsk praktikant frå NRK: Sjur Mikal Dolve. Roger Eide orienterte litt om kvifor han var der og at det viktig at vi har eit positivt forhold til pressa. Eide gjorde det klart at vårt ønskje for dette besøket var at det er viktig for oss å få ut at vi har eit KFU i kommunen. Slik at folk vert klar over det.

Komande, tentative møtedatoar er 11.mars, 6.mai og 14.oktober 2020

Referent Marit Solveig Nedrebø