Sunnfjord kommune

Referat frå møte i FAU 17. september 2019

Referat frå møte i FAU 17. september 2019

Referat frå møte i FAU 17. september 2019

 

Desse møtte: Reidun Heggheim Bakke (1.kl), Halvard Avdem (2.kl), Tone S. Holgersson (3.kl), Camilla Klakegg (4.kl), Kjell Olav Førde (5.kl), Anne Maria Håheim (møtte sidan både Anne Sofie F. Nilsen og Vara Jakob Andre Sandal ikkje kunne vere til stades), Monika Vaulen (7.kl), Savannee Kummungkun (9.kl), Finn ÅrdaL (10.kl)

Saker:

Info om FAU sine oppgåver
Rektor orienterte om ny plan for brukarmedverknad gjeldande for Sunnfjord kommune.
Retningslinjer for FAU, SU og SMU.

Konstituere nytt styre i FAU
Leiar: Tone S. Holgersson. Nestleiar: Halvard Avdem. Styremedlem: Monika Vaulen.
Rektor er sekretær på møta i FAU, SU og SMU.
Val av fire representantar til SMU
Etter ny plan for brukarmedberknad skal ein veøje to frå FAU til SU og ein ekstar til SMU. I tillegg to varamedlem.
Leiar og nestleiar sit i SU, i SMU sit òg styremedlem. Reidun Heggheim Bakke og Kjell Olav Førde er vararepresentantar.

Orienteringssaker v/rektor
Ny fag og timefordeling for skuleåret 19/20, i tillegg ny organisering av dagen. Overgangen har så langt gått bra, det er likevel ei omstilling i høve lengre økter.
Vi har ikkje fagdagar lengre, men det kjem ein 20.  november i høve fagfornyinga. Det vil kome brev med meir info frå skulesjef i Sunnfjord/komm.sjef i Jølster.
Budsjett – eit krevjande arbeid no med å levere budsjett i nytt «system» og ny kommmune.
Fjelldag – ikkje hatt denne enda men håpar på å få det til før haustferien.

Uteområde/ny hente-bringeplass
Det vert søkt om midlar til konsulent utemiljø (landskapsarkitekt). Saka skal opp i komm.styre 26/9.
Rektor oppmodar foreldregruppa i å engasjere seg i arbeidet. Leiar i FAU vil ta kontakt med komm.sjef.
Skulen ventar på eit skriv frå kommunen som kan gå ut til heimane med orientering om den nye hente/bringeplassen. Det bør vere med kart og oversyn kvar føresette skal køyre.
Bør det vere skilta ved Vikavegen om tidsavgrensa køyring. Rektor tek dette med vidare.
Elevane må bli orienterte om treafikken ned frå gangbrua. Tilpasse «sykkelfarten» og ta omsyn.

Ordensreglement
Dette vert sak til møte i SU rett over haustferien.

Ymse
Det vart litt drøfting kring symjing/basseng og kor viktig det er at alleklassende får prioritert tid til symjeundervisning.

Ref. Annette D. Natås