Sunnfjord kommune

Referat frå møte i FAU 1. november 2018

Referat frå møte i FAU 1. november 2018

Referat frå møte i FAU 1. november 2018

 

Tid/stad:  kl.18.00  personalrommet på ungdomskulen.
Desse møtte: Halvard Avdem, Arny Sunde, Camilla Klakegg, Tone Støylen Holgersson, Anne Sofie F. Nilsen, Monica Vaulen, Oddlin Fonn, Heidi Husetuft Flatjord, Randi Flølo, Annette Dale Natås

Saker:

1. Konstituere eit nytt styre i FAU
2. Info frå rektor i høve utviklingsplan, budsjett m.m

1. Val av nytt styre
Tone S. Holgersson (leiar), Halvard Avdem (nestleiar), Arny Sunde (sekretær)
Val av repr. til SU/SMU: Tone S. Holgersson, Halvard Avdem, Heidi Husetuft Flatjord og Randi Flølo

2. Orientering frå rektor
Utviklingsplan for skuleåret 2018-2019. Inkluderande skulemiljø, tilpassa opplæring og vurdering er fokusområda for skuleåret 18/19.
Budsjett -  kort om stoda pr. no. Det er levert budsjett etter ramma som vi fekk tildelt i haust. Vi må rekne med at her kjem justeringar nå den endelege «innsparingsplanen» er klar.
Orientering frå arbeidet med ressursmodell og skulerute/org. av skuledagen i ny kommune. Her kjem ein ny modell frå hausten-19 som alle skulane i «Sunnfjord kommune» skal nytte, dette arbeidet er ikkje klart enda. Skuleruta kjem på høyring, arbeidet med organisering av skuleår/timefordeling er ikkje klart.


Ref.
Annette D. Natås