Sunnfjord kommune

Referat frå møte FAU/SMU 4. mars 2020

Referat frå møte FAU/SMU 4. mars 2020

Referat frå møte i FAU/SMU onsdag 4. mars, 18.00-19.30

Til stades: Anette Dale Natås, Reidun Heggheim Bakke, Oddlin Fonn, Halvard Avdem, Monica Vaulen, Anne Sofie Fonn Nilsen, Marta Fimreite, Tone Støylen Holgersson, Simen Aleksander Sunde, Finn Årdal, Anna Fonn Sæthen, Savannee Kummungkun

1. Organisering av skuleår 2020/2021.
Rammetimar til skulen. Gjekk gjennom tildelinger og timetal til dei ulike klassene. Stigande/stabilt elevtal på Skei skule. Lærarar og elevane er godt fornøgd med å ha endra timeplan til 60-minuttstimar. Skei skule ynskjer å ha femtimars veke grunna det er pedagogisk best. Skulen har laga eit framlegg til timefordeling for skuleår 20/21 med kort dag måndag og onsdag for 1.-4. klasse.

2. Uteområde
Konsulentfirma har teikna forslag til uteområde på Skei skule. Skulen har samla inn ynskje og idéer og sendt inn i forkant. Vi fekk presentert teikningane og det ser veldig fint ut. Det som er viktig no er at FAU/SMU legg press på Sunnfjord kommune at det er viktig at arbeidet med uteområdet kjem i gong. Det er fyllmasse på Kjøsnes som er gratis og det er lagt av kunstgras frå den gamle kunstgrasbanen som kan nyttast, samt sand til grunnarbeid. FAU-leiar kontaktar Tor Ove Farsund. Kan ein lagre fyllmassen ein plass? Foreldre er villig til å stille på dugnad.

3. Vidare arbeid med lokalt ordensreglement
Skulen lager eit framlegg som vi får sjå og kommentere når det er klart.

4. Info frå KFU


26.3.20
Tone Støylen Holgersson FAU-leiar