Sunnfjord kommune

SFO Holsen skule

SFO Holsen skule

Kontaktinformasjon SFO Holsen skule 

Telefon: 476 70 986

Tilsette ved SFO Holsen:

  • Synneve Bruheim Reiakvam, rektor
  • Kristoffer Håland Iversen, assistent
  • Marte Gundersen, assistent

Opningstider SFO 

  • 06.45–16.30

Påmelding til SFO

Du søker på felles opptak i Sunnfjord kommune. Hovudsøknadsfristen er 1. april, men det er mogleg å søke om plass heile året.  

Søk om SFO-plass (kjem ny lenke til Sunnfjord kommune når den er klar)

 

Praktiske opplysningar

SFO følger skuleruta, dvs SFO ved Holsen skule og barnehage er i drift dei dagane elevane er på skulen. Om sommaren kan elevane få eit tilbod i Sunnfjord kommune. Dette tilbodet blir lagt til ein av skulane i kommunen. Påmelding til dette tilbodet må gjerast kvart år. Fristen er 15 april.

Du kan søke om opptak gjennom heile året med oppstart den 1. eller 15. i kvar månad. Det er  mogleg å kjøpe einskilddagar. Ta kontakt med rektor  

Føresette kan seie opp eller endre omfanget i tilbodet til eleven i VISMA til skulen. Oppseiingsfristen  er på 1 månad. Skriftleg melding må sendast I VISMA til skulen før den 1. eller 15. i påfølgjande månad.
Dersom du ønskjer å byte til eit mindre tilbod gjeld også oppseiingsfristen på 1 månad. Ved byte til større tilbod kan endringane gjelde straks dersom det er plass.


Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for eleven etter 1. april.
 

Om Holsen SFO 

På Holsen er SFO-ordninga knytt til både barnehagen og skulen. Dette fordi barnehagen har ei opningstid som ligg til rette for eit godt tilbod. Det gjer det og enklare for foreldre som har barn i både skule og barnehage. Elevane som kjem før kl. 08.00 kan leverast på Blåmann. Kl. 08.00 vert dei henta av SFO-assistenten og tekne med til skulen. Etter skuletid er skulen basen. Vi bruker dei lokala som tenar aktiviteten vi held på med best. Det kan vere klasserom, gym.sal, gapahuken eller kjøkken.

I SFO-tida skal barna ha tilsyn, kjenne seg trygge og bli viste omsorg. Dei timane barna er på SFO skal vere barna si «fritid". Difor har leiken stor plass. Leiken er ein viktig del av barnekulturen og viktig for barna sin vekst og utvikling. Dei vaksne legg og til rette for «organiserte» aktivitetar etter ynskje frå barna. Dette kan vere å lage mat, gjere lekser, gå på tur eller ha enkle formingsaktivitetar.

Målet for arbeidet i SFO er forankra i statlege dokument og i vedtektene for SFO i Sunnfjord kommune.

Kontakt

Holsen skule og barnehage
E-post
Telefon 57 72 44 27

Barnehagen, avdeling Nøtteliten:
974 29 541

Barnehagen, avdeling Blåmann:
476 70 986
 

Adresse

Besøksadresse:
6819 Holsen 

Postadresse:
Holsen skule og barnehage
Postboks 338
6802 Førde