Sunnfjord kommune

Om Frøysland skule

Om Frøysland skule

Frøysland skule er ein liten to-delt skule som ligg i Haukedalen, 45 km frå Førde sentrum. Skuleåret 2019-2020 har vi 20 elevar på skulen, 8 i 2.-4.klasse og 12 i 5.-7.klasse. Vi har ingen førsteklassingar i år. Skulen har 3,53 stillingar fordelt på 5 personar. I tillegg har vi vore så heldige å ha ein assistent i 34 % stilling i 6 månader. 

Første skulebygget på Frøysland vart bygt i 1915. Dette bygget vart rive, og i 1963 vart ny skule bygt. Denne skulen vart oppussa og påbygd i 1998. I dag har vi ein skule som fungerer bra. Gymsal med scene og kjøkken fungerer også som grendahus, og denne delen er  mykje i bruk. Her er ulike aktiviteter nesten kvar ettermiddag/kveld, alt frå songøving til skyting og fotball. 

Frøysland skule er ein aktiv skule. Vi samarbeider godt med lokalmiljøet, og vi har fleire arrangement der vi inkluderer heile bygda. Både på førjulsfesten og 17.mai bruker elevane å øve inn program på minst ein halvtime, og her er alle med! Kvar haust inviterer vi alle besteforeldre og andre i bygda som er over 70 år til eldremiddag. Elevane vartar opp med full middag. I tillegg har vi litt underhaldning. Elles prøver vi å bruke den flotte naturen rundt oss  mest mogeleg. Skulen laga ein gapahuk, kombinert med ein liten klatrepark,  for ikkje så mange år sidan. Uteområdet, med ballbinge og leikeplass, er i bruk seint og tidleg. Vanlegvis har vi rikeleg med snø om vinteren, og lysløypa ligg rett attmed skulen. 

Frøysland skule har hatt gode resultat i mange år både på trivsel og fag. Det viser att i elevundersøkinga og på nasjonale prøver. Vi har hatt som mål at om skulen er liten, så skal det likevel vere ein god skule. Vi er no ein del av Sunnfjord-skulen og ser fram til å vere ein del av dette fellesskapet. 

Kontakt

Frøysland skule
E-post
Telefon 57 82 87 90

Adresse

Besøksadresse:
6818 Haukedalen

Postadresse:
Frøysland skule
Postboks 338
6802 Førde

Kart