Om Førde barneskule

Barneskule i sentrum av Førde

Førde Barneskule ligg i Elstervegen - ein sideveg til den gamle Bydalsallèn - som går frå sentrum mot Kyrkja.

Skulen er den eldste i Førde og har gjennom åra vore folkeskule, framhaldsskule, realskule, ungdomsskule og gymnas. 125års-jubileum vart feira i 2019   

Skulen vart brannherja i november 2003 og ein del av skulen er difor nybygd på tomta der gamleskulen låg.  Nyeskulen stod ferdig våren 2007.

I dag har skulen klassar frå første til sjuande skuleåret.  Det er til vanleg to klassar på kvart årssteg.  Det er om lag to hundre og femti elevar på skulen. Elevtalet er stabilt. Elevane kjem frå Kvieneset på nordsida av Førdefjorden i vest til området Presteholten i aust.  I tillegg finn ein elevar frå sentrum sør og Bruland.

Fleirkulturelt preg

Skulen tok tidlegare i mot barn som kom til mottakssenteret på Bergum.  Sidan den tid har elevflokken vore sett saman av mange ulike kulturar. Mange nasjonar er representerte og femten til tjue prosent av elevane har fleirspråkleg bakgrunn.

Skulen har i fleire år vore fokusskule knyta til NAFO - Nasjonalt Senter For Fleirkulturell opplæring.

Med omlag 20 nasjonar representert i elevflokken, har skulen eit sterkt fleirkulturelt preg.  Skulen er med på satsing for å møte utfordringar med tanke på migrasjons-pedagogikk og for å hauste frukter av det fargerike fellesskap ein har ved skulen.  Denne satsinga kjem mellom anna til uttrykk gjennom ei eiga kulturell framsyning kalla Mosaik. 

Skulen har morsmålsundervisning for tospråklege elevar og eiga skulefritidsordning.

Visjon - Ein god skule for alle

 

 

 

 

 

 

 

 

Uteområdet

Vi  opna vårt nye flotte skuleområde 1. desember 2021. Utområdet vårt er vi stolte av.

 

Kontakt

Profilbilde av Therese Helland
Therese Helland
E-post
Telefon 57 72 10 82

Adresse

Besøksadresse:
Elstervegen 1
6800 Førde

Postadresse:
Førde barneskule
Postboks 338
6802 Førde