Sunnfjord kommune

Utleige av skulen

Utleige av skulen

Grunna smittevernstiltak er det ikkje høve å nytte skulen uteom skuletida.

På bakgrunn av smitteverntiltaka nasjonalt og her lokalt vert det ikkje høve til å nytte gymsalen på skulen til aktivetet frå og med i dag, og førebels fram til 18. januar.

  • Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs, vert stengt fram til 18. januar. Dette gjeld og alle aktivitetar innandørs som samlar born og unge på tvers av klassar/ kohortar. Det vert presisert at regelen gjeld uavhengig av tal personar som eventuelt skulle delteke på aktiviteten. Eit unntak: I gravferder kan det vere opp til 50 personar samla i kyrkja, og 10 personer på minnesamværet.

Beklagar ulempene dette medfører. De får info om dette blir forlenga etter 18. januar.

Med vennleg helsing

Janne Karin Apalset, Førde barneskule