Sunnfjord kommune

Trafikktryggleik for elevane

Trafikktryggleik for elevane

Det er mykje tungtrafikk i samband med bygginga av den nye tunellen ved Kletten. Det er fleire elevar som har skulevegen sin der. Sjå oversikt-skisse  (PDF, 229 kB)

Det er sendt ut informasjon til føresette i visma: Brevet kan du lese her (DOCX, 14 kB)

Men det er viktig at skule og foreldre snakkar med elevane om at dei må vere ekstra på vakt når dei ferdast i dette området. Lastebilar og store køyretøy har store blindsoner. Og det er viktig at elevane brukar refleks og lys på sykkelen. https://www.youtube.com/watch?v=QXcc9a2hcQ0

Klassane kjem til å bruke illustrasjonsvideoen frå Statens vegvesen som utgangspunkt for å snakke med elevane. Denne videoen kan også vere fin for foreldre og sjå ilag med barna sine og samtale om trafikktryggleik.

I haust skal Førde barneskule gjennomføre to veker med ekstra fokus på refleksbruk. Dette er i eit samarbeid med FAU. Vi håpar at dette også kan vere med på å gjere trafikktryggleiken betre.