Til heimen

Veke 12 har vore ei veke der vi har prøvd ut Teams. Både heim og skule har på kort tid lært seg dette nye verktyet, og det er flott at så mange har tatt Teams i bruk. Elles håpar vi at heimearbeidet generelt fungerer godt. Vi har forståing for at det er utfordringar slik situasjonen er no. Vi prøver å tilpasse så godt vi kan. Hugs å ha kontakt med kontaktlærar om de har spørsmål eller liknande. Vi ynskjer alle heimane lukke til vidare, i samarbeid med skulen.

Vi vil også minne alle om at reglane vi har på skulen også gjeld i Teams. Vi snakkar fint med kvarandre og inkluderer. Lærar kan gå inn og lese alt som står på Chat, i tillegg til å lytte til samtaler. Lærar vil ta kontakt med heimen om ein ser eller høyrer upassande oppførsel. Skulen ber foreldre om å snakke med elevane om dette.

Den siste tida har det vore store endringar i alle sin kvardag, dette kan by på utfordringar både for barn/unge og foreldre. Skulehelsestenesta ynskjer å vere ein støttespelar for dei som har behov for støttesamtale og rettleiing i denne situasjonen. Helsesjukepleiar kan tilby oppfølging via telefon mellom klokka 10 – 14 i vekedagane. Ring tlf. 577 22 130 for å gjere avtale. Dersom helsesjukepleiar ved den enkelte skule ikkje er tilgjengeleg av ulike grunnar, vil ein få snakke med ein anna helsesjukepleiar dersom det er kapasitet til det. God helg!

Med venleg helsing

Therese Helland

Rektor Førde barneskule

Tlf: +47 91 59 17  51

 

 

Sunnfjord kommune

therese.helland@sunnfjord.kommune.no