Sunnfjord kommune

Søknadsfrist for leige av lokaler ved Førde barneskule skuleåret 2020/2021

Søknadsfrist for leige av lokaler ved Førde barneskule skuleåret 2020/2021

Klikk for stort bilete 

Førde barneskule leiger ut gymsalen gjennom heile skuleåret. 

Det er stor pågang for å få treningstid i gymsalen ved Førde Barneskule. Brukarane får tildelt treningstider for eit skuleår i gongen. Aktivitetar for born og ungdom blir prioritert. Dei som søkjer etter fristen, vil få tildelt timar fortløpande der det evt. er plass.

Enkelte helgar blir gymsalen og enkelte andre rom ved skulen leigd ut til enkeltståande arrangement som t.d. overnatting i samband med korstevne, symjestevne, cupar og turneringar. 

Søknadsfrist for å leige treningstid ved Førde barneskule for skuleåret 2020/2021 vert 20. juni 2020. Søknad sender de pr. epost til: janne.karin.apalset@sunnfjord.kommune.no, eller pr. post til Førde barneskule, Postboks 338, 6801 FØRDE. For spørsmål kan de ta kontakt på mail eller pr. tlf. 57 72 10 80.