Sunnfjord kommune

Skulebiblioteket på Førde barneskule er i fokus

Skulebiblioteket på Førde barneskule er i fokus

 Førde barneskule deltek i prosjektet : «Skulebibliotek for leselyst!» og har mottatt prosjektmidlar til kompetanseheving.

Gamle bøker er rydda vekk, og nye, spennande bøker er kjøpt inn. Målet er å auke leselysta til elevane våre.

Det er om lag 3000 bøker i biblioteket, som er på nivå med andre tilsvarande skular. Utlånet i 2018 var på 1060 bøker, der 818 var skjønnlitteratur og 242 barnebøker. Dette er veldig bra, og vi ynskjer at utlånet skal halde fram slik som no eller i beste fall auke.

Biblioteket har fine og romslige bokhyller, og framover vil vi ha meir fokus på merking og utstillingar. Vi ynskjer at det skal bli endå lettare å finne bøker som passar kvar einskild, og at ein skal kunne finne bøker med ulike tema.

Over nytt år får vi på plass ein fin bokkasse som skal plasserast utanfor biblioteket. Såleis prøvar vi å utvide biblioteket og gjere skjønnlitteratur og barnebøker endå meir tilgjengeleg.

God bok!