Leige av gymsal 2022 - 2023

Vil de leige gymsalen ved skulen frå hausten av , må de søke snarast.

Leige av gymsal skuleåret 2022/2023.

 

Ønskjer de fast treningstid i gymsalen skuleåret 2022/2023? Send ein søknad på epost til janne.karin.apalset@sunnfjord.kommune.no seinast 10. juni 2022.

Skriv i eposten:

* Namn på lag/organisasjon

* namn og kontaktinformasjon på ansvarleg leiar/trenar

* formål med leiga f.eks korøving, fotballtrening, sirkeltrening e.l

* kva treningstid de ønskjer, både ønskje om vekedag, antall timar og klokkeslett. Skriv gjerne 2 alternative treningstider.

 

Vi vil prøve så godt vi kan å imøtekome ønskja til kvar enkelt. De vil få svar på søknaden i løpet av juni månad.