Slik søker du
Du søker via Visma Flyt Skule om permisjon frå undervisninga. Som føresett kan du logge inn med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).
Søk om permisjon frå undervisninga
Søknadsfrist for skulefri inntil to veker
Søknadsfristen er normalt seks veker før fritaket startar, om ikkje anna er avtalt med skulen.
Reglar for skulefri inntil to veker
Det er rektor på skulen som avgjer søknaden om permisjon. Permisjonen må vere fagleg forsvarleg og dei føresette må syte for at barna får nødvendig undervisning i permisjonstida. Barna skal altså kunne følgje med i undervisninga på vanleg måte når dei kjem tilbake.
Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere vekke frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag.
Høve til å få permisjon er heimla i opplæringslova § 2.11.
Reglar for skulefri utover to veker
Kommunen har ikkje tilgang til å gi permisjon utover 2 veker (10 skuledagar). Dersom føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn to veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven mistar retten til opplæring i utmeldingsperioden, og kommunen har ikkje lenger noko ansvar for opplæringa. No er det dei føresette som er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift.
Melding om skulefri utover to veker
Dei føresette melder i frå via eDialog eller per brev til Sunnfjord kommune, postboks 338,
6802 Førde. Fristen er normalt åtte veker før utmeldinga startar, om ikkje anna er avtalt med skulen.
Ulovleg fråvær
Dersom føresette held barnet vekke frå skulen lenger enn den tida dei har fått innvilga gjennom søknad om permisjon, vert dette rekna som ulovleg fråvær, jfr. opplæringslova § 2-1 siste avsnitt.