TilbodDu har fleire ulike tilbod (plasstypar) å velge mellom. A-tilbod A-tilbod gir opphald i heile opningstida på SFO og alle elevfrie dagar i skuleåret. Utanom 5 plandagar. (Sjå skulerute). Gjeld ikkje elevane sin sommarferie. B-tilbod B-tilbod gir opphald i heile opningstida på SFO, men ikkje i elevfrie dagar og feriar i skuleåret. C-tilbod C-tilbod gir plass inntil 20 timar i veka. Føresette fyller ut skjema der ein fastsetter når barnet skal vere på SFO. D-tilbod D-tilbod gir plass inntil 12 timar i veka. Føresette fyller ut skjema der ein fastsetter når barnet skal vere på SFO. E-tilbod E-tilbod gir plass inntil 5 timar i veka. Føresette fyller ut skjema der ein fastsetter når barnet skal vere på SFO. SommarSFO SommarSFO er utanom det ordinære tilbodet. Det kjem altså i tillegg til den plassen barnet har. SommarSFO gjeld frå siste skuledag og fram til skulestart, med unntak av fire veker sommarstengt. Kjøp av ferieveker Ein kan kjøpe plass i ei veke i feriar, både i skuleåret og sommarferien. Uavhengig av om ein har B, C, D eller E-tilbod. Kva kostar SFO? Du betalar for plassen i 10 månader, med månadleg innbetaling. Det er ikkje søskenrabatt. Frå og med skulestart hausten 2023 vil både 1. og 2. klasseelevar få gratis 12.timarstilbod. Betalingssatsar SFO frå 1. august 2023 Plasstype Eining Pris 1.- og 2. klasse Pris 3.- og 4. klasse A-tilbod Kr per månad 1755 3516 B-tilbod Kr per månad 1555 3155 C-tilbod Kr per månad 1076 2706 D-tilbod Kr per månad 0 2225 E-tilbod Kr per månad 0 1316 Gebyr seint henta barn Kr per gong 391 391 Kjøp av halv dag Kr per gong 314 314 Kjøp av heil dag Kr per gong 256 340 Kjøp av sommar-SFO Kr per månad 3167 4217 Kjøp av veke i skuleferiar og sommarferie Kr per veke 1260 1678 Sist endra 10.05.2023 13.33