Sunnfjord kommune

SFO - skulefritidsordning

SFO - skulefritidsordning

Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod for barn i 1.–4. klasse, og for barn med særskilde behov i 5. –7. klasse før og etter skuletid. 

Slik søker du

  • Søknadsfrist er 1. april for nye søkarar. Bruk det elektroniske søknadsskjema (ny lenke til Sunnfjord kommune kjem)
  • I tillegg til den elektroniske søknaden må du fylle ut eit papirskjema der du skriv kva timar barnet ditt skal vere på SFO. Skjema med detaljert timeplan for kvar klasse finn du på heimesida til den enkelte skule.  
  • For barn i 5.–7. klasse med særskilde behov, må du legge fram sakkunnig vurdering. 

Ta kontakt med skulen om du har spørsmål om det enkelte SFO-tilbodet. 

Kor tid får du svar på søknaden?

Alle som har søkt innan fristen får tilbod om plass i god tid før skulestart. Logg deg inn på same plassen som du søkte for å finne svarbrevet. 

Søknadsfrist 

  • Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. april. 

Du kan likevel søke om opptak heile året. 

Kva kostar SFO?

Du betalar for plassen i 10 månader, med månadleg innbetaling. Det er ikkje søskenrabatt. 

Sunnfjord kommunestyre vedtok ein prisauke på 5 %-poeng frå 1. januar 2020 på SFO-tilbod. Det har vore litt ulikt tilbod i dei fire kommunane og du vil difor finne prisen i din "gamle kommune".  

SFO (Skulefritidsordninga)

Opningstider og feriar

  • Opningstida er i utgangspunktet frå klokka 07.00 til skulestart og frå skuleslutt til klokka 16.30. Unntak frå opningstida er 5 planleggingsdagar for personalet i løpet av året. Opningstida kan kan bli tilpassa lokale tlhøve. 
  • I elevferiar som haustferie, vinterferie, jul og påske vert SFO-tilboda samordna.
  • SFO er stengt julafta og nyttårsafta. Onsdag før skjærtorsdag stenger SFO klokka 12.00. 
  • Hugs at du må melde deg på særskilt om du ønsker sommarferietilbodet kvart år. Fristen er 1. mai. SFO har stengt 4 veker i juli. 

Dersom du skal endre eller seie opp plassen

  • Du må logge deg inn på same plassen som du søkte om plass for å endre frå til dømes A til C-tilbod.
  • På same plassen kan du seie opp SFO-plassen. Oppseiingsfristen er ein månad. Seier du opp før den 1. eller 15. i månaden, vil oppseiinga gjelde frå den 1. eller 15. i påfølgande månad. Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for barnet etter 1. april. 
  • Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på ein månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass.
  • Dersom barnet ditt skal ha same tilbodet neste skuleår, treng du berre fylle ut papirskjemaet til skulen som gjeld endring i timeplanen. 

Om det ikkje er nok påmeldte til SFO, kva skjer då?

Det bør vere påmeldt minst 6 barn for at det blir eit  SFO-tilbod. Dersom det er økter med mindre påmelding enn 3 barn, vert ikkje økta med i tilbodet til skulen. Eleven vil då for tilbod om SFO ved annan skule/barnehage. 

Kan du klage på SFO-tilbodet?

Er du misnøgd med tilbodet, kan du klage til kommunen. Forklar kva du er misnøgd med. Treng du rettleiing, ring Servicetorget på 57 72 20 00. 

Klageutvalet i Sunnfjord kommune er klageorgan ved klage på tildeling av SFO-plass. Klagen sender du til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde. 

Lov og vedtekter som gjeld SFO 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00