Samhandlingsmodell for barn og ungeI Sunnfjord kommune vil vi skape ein oppvekst prega av trivsel, tryggleik og livsmeistring gjennom tidleg innsats, samhandling og inkluderande fellesskap. Samhandlingsmodell for barn og unge skal sikre tidleg oppdaging og koordinert oppfølging av utsette barn, unge og familiar på tvers av einingar og nivå. Vi er mange som spelar ei viktig rolle rundt det enkelte barn, ungdom og familie. Denne modellen viser korleis heile kommunen skal jobbe for å oppdage og hjelpe barn, ungdom og familiar som treng det på tvers av tenester. Samhandlingsmodellen består av tre nivå og skildrar korleis planar, rutiner, samhandling og tiltak på dei ulike nivåa i kommunen sikrar at utsette barn og unge får rett hjelp til rett tid. Individnivå Beskriv korleis den enkelte tilsett jobbar i møte med barn, ungdom og familiar som det er knytt ei undring eller uro til. Betre Tverrfagleg Innsats ( BTI) Betre Tverrfaglig Innsats (BTI) skal sikra at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng gjennom eit samarbeid mellom familien og kommunen. Årsaka til oppfølging kan vere av ulik grad, men arbeidet med å komme fram til ei løysing skal vere lik. Sunnfjord kommune brukar difor samhandlingsmodellen BTI i sitt arbeid. Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) for barn og unge i Sunnfjord kommune Einingsnivå Beskriv korleis kommunen sine tenester samarbeider til barn og unge sitt beste. Tenestetilbod og tiltak Nedanfor finn du ei oversikt over både det lokale hjelpeapparatet, og tenester på spesialistnivå. Kontakttelefonar i Sunnfjord kommune: Sentralbord Sunnfjord kommune: 57 72 20 00 Helsesjukepleiar: 57 72 21 30 Barnevern: 57 72 21 30 Interkommunal barnevernvakt (utanom kontortid): 47 45 72 72 Utekontakt: 41 53 09 13 Fastlege: 57 72 21 50 Legevakt: 116 117 Slik jobbar vi med betre tverrfagleg innsats i Sunnfjord kommune (PDF, 829 kB) Nasjonale hjelpetelefonar: Alarmtelefon for barn og unge (for heile landet): 116 111 Politi 02800, Nødnummer 112 Oversikt over tenester på spesialistnivå: Helse Førde BUP Barne og unge, poliklinikk Barn sengepost Barne- og ungdomsavdeling Habilitering for Barn og Unge (HABU) Familiekontora for Sunnfjord og Sogn Tannhelsetenesta i Førde Handlingsplanar Tidlegare Førde, Gaular, Jølster og Naustdal vart slått saman til Sunnfjord kommune 1. januar 2020. Det vil difor ta noko tid å lage nye planar for Sunnfjord kommune. Handlingsplan mot vald i nære relasjonar for tidlegare Førde kommune (PDF, 2 MB). Planen gjeld for heile Sunnfjord kommune inntil ny plan er på plass. SLT plan for Sunnfjord kommune (PDF, 2 MB) Ruspolitisk handlingsplan for Sunnfjord kommune Kommunenivå Viser til kommunen sine strategiar og planar for prioritering av tverrfagleg samarbeid. Statlege føringar Statlege føringar er overordna styringsdokument frå staten som legg føringar for tenester og det førebyggande arbeidet med barn, unge og familiar i Sunnfjord kommune. Desse styringsdokumenta er lover, forskrifter, rundskriv og rettleiarar som tydeleggjer kommunen sitt ansvar for arbeidet. Staten peikar òg på område det blir satsa på og kjem med råd og rettleiing til korleis kommunen kan løyse utfordringar som vi står ovanfor. Statlege føringar: Helsedirektoratet: Nasjonal faglig retningslinje for tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge Kommunale planar og medverknad Kommunen har forankra arbeidet med tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette barn, unge og familiar i eigne planar. Kommunale planar og medverknad Arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel starta i 2020, men vil halde fram i 2021. Det er lagt opp til ulike former for medverknad. Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument som handlar om dei store spørsmåla for lokalsamfunnet. Til dømes korleis ein skal legge til rette for at alle innbyggarane i Sunnfjord kommune kan få eit best mogleg liv. I kommuneplanen ser ein heilheiten, løftar blikket og tenker langsiktig. Det vert gjennomført brukarundersøkingar i skule og barnehage kvart år. Dette gir god bakgrunnsinformasjon om korleis føresette og elevar opplever tenestene i skule og barnehage. I utvikling av modell for tidleg identifisering og oppfølging av utsatte barn, blir brukarar invitert med i prosjektgruppa. Brukerrepresentanter blir også invitert inn i evaluering av modellarbeidet Ungdomsråd og eldreråd er representert i samhandlingsmøter Viktige føringar for vårt arbeid Barnekonvensjonen FNs konvensjon om barns rettar Sist endra 23.02.2023 11.57