BTI - Betre tverrfagleg innsats

Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester som møter gravide, barn, unge og føresette som det er knytt ei undring eller uro til.

Sunnfjord kommune skal være ei trygg og god kommune å vekse opp i. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at alle ikkje har det så bra. For å sikre at alle barn og unge får den hjelpa dei treng, jobbar tilsette i vår kommune etter BTI-modellen.

Under kan du sjå ein informasjonsfilm om BTI i Sunnfjord.

 

Kvifor BTI?

  • BTI-modellen skal sikre at barnehage, skule og andre støttetenester som møter barn og unge til dagleg, har eit lett tilgjengeleg verktøy som beskriv kva handlingar som kan gjerast når dei har ei undring eller uro rundt eit barn/ungdom/familie.
     
  • Ved at alle tilsette jobbar etter ein handlingsrettleiar ynskjer vi å sikre lik praksis og godt samarbeid, samt unngå at familiar vi er i kontakt med skal oppleve at dei vert sendt mellom ulike tenester i kommunen. 
     
  • BTI-modellen skal sikre at oppfølging av barn, unge og familiar som strevar er systematisk, evaluerande og i tett samarbeid med den det gjeld.

Korleis bruke BTI? 

  • Dersom tilsette får ei undring eller ein uro knytt til eit barn/ungdom/familie skal ein som hovudregel følgje BTI-rettleiaren. Målsettinga er at tilsette ser og handlar så tidleg som mogleg, alltid med tanke på barns beste.
     
  • Det er grunnleggjande viktig at barn, unge og føresette blir involvert på eit tidleg tidspunkt. Unntaket er ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep. Då skal barnevernet og/eller politi kontaktast direkte.
     
  • Når ein tilsett har kontakt med eit barn/ungdom/familie og ser behov for å samarbeide med andre tenester, skal det hentast inn samtykke frå den det gjeld.

BTI består av

  • ein BTI-rettleiar som viser korleis vi skal gå fram i konkrete tilfelle der vi er bekymra for eit barn/ungdom/familie på ulike nivå. 
     
  • eit koordineringsansvar (ei teneste, "stafetthaldar", som har ansvar for å koordinere den tverrfaglege samhandlinga og dokumentere arbeidet i ein elektronisk stafettlogg)
     
  • ulike verktøy (eks: samtykkeskjema, skala for uro)
     
  • tilsette sin kompetanse, både om BTI og det faglege innhaldet i arbeidet med tidleg innsats, samordning og medverknad

Her kan du lese meir om BTI 

Om BTI på forebygging.no