Betre Tverrfagleg Innsats for barn og ungeEr du uroleg for eit barn eller treng du nokon å snakke med? Kven kan hjelpe meg? Kva finst av hjelp? Kva gjer eg om eg vert bekymra for ein elev på skulen min? Kva gjer eg om eg ser at nabojenta har det vanskeleg? Her kan du få vite meir om korleis du går fram. Ved akutte situasjonar, ta kontakt med Politiet: 02800 (heile døgnet) Barnevernet: 57 72 21 30 (dagtid) eller interkommunal barnevernsvakt 47 45 72 72 (utanom arbeidstid) Individnivå Betre Tverrfagleg Innsats ( BTI) Betre Tverrfaglig Innsats (BTI) skal sikra at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng gjennom eit samarbeid mellom familien og kommunen. Årsaka til oppfølging kan vere av ulik grad, men arbeidet med å komme fram til ei løysing skal vere lik. Sunnfjord kommune brukar difor samhandlingsmodellen BTI i sitt arbeid. Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) for barn og unge i Sunnfjord kommune Einingsnivå Tenestetilbod og tiltak Nedanfor finn du ei oversikt over både det lokale hjelpeapparatet, og tenester på spesialistnivå. Kontakttelefonar i Sunnfjord kommune: Sentralbord Sunnfjord kommune: 57 72 20 00 Helsesjukepleiar: 57 72 21 30 Barnevern: 57 72 21 30 Interkommunal barnevernvakt (utanom kontortid): 47 45 72 72 Utekontakt: 41 53 09 13 Fastlege: 57 72 21 50 Legevakt: 116 117 Slik jobbar vi med betre tverrfagleg innsats i Sunnfjord kommune (PDF, 829 kB) Nasjonale hjelpetelefonar: Alarmtelefon for barn og unge (for heile landet): 116 111 Politi 02800, Nødnummer 112 Oversikt over tenester på spesialistnivå: Helse Førde BUP Barne og unge, poliklinikk Barn sengepost Barne- og ungdomsavdeling Habilitering for Barn og Unge (HABU) Familiekontora for Sunnfjord og Sogn Tannhelsetenesta i Førde Handlingsplanar Tidlegare Førde, Gaular, Jølster og Naustdal vart slått saman til Sunnfjord kommune 1. januar 2020. Det vil difor ta noko tid å lage nye planar for Sunnfjord kommune. Handlingsplan mot vald i nære relasjonar for tidlegare Førde kommune (PDF, 2 MB). Planen gjeld for heile Sunnfjord kommune inntil ny plan er på plass. SLT plan for Sunnfjord kommune (PDF, 2 MB) Ruspolitisk handlingsplan for Sunnfjord kommune Kommunenivå Statlege føringar Statlege føringar er overordna styringsdokument frå staten som legg føringar for tenester og det førebyggande arbeidet med barn, unge og familiar i Sunnfjord kommune. Desse styringsdokumenta er lover, forskrifter, rundskriv og rettleiarar som tydeleggjer kommunen sitt ansvar for arbeidet. Staten peikar òg på område det blir satsa på og kjem med råd og rettleiing til korleis kommunen kan løyse utfordringar som vi står ovanfor. Statlege føringar: Helsedirektoratet: Nasjonal faglig retningslinje for tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge Kommunale planar og medverknad Kommunen har forankra arbeidet med tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette barn, unge og familiar i eigne planar. Kommunale planar og medverknad Arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel starta i 2020, men vil halde fram i 2021. Det er lagt opp til ulike former for medverknad. Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument som handlar om dei store spørsmåla for lokalsamfunnet. Til dømes korleis ein skal legge til rette for at alle innbyggarane i Sunnfjord kommune kan få eit best mogleg liv. I kommuneplanen ser ein heilheiten, løftar blikket og tenker langsiktig. Det vert gjennomført brukarundersøkingar i skule og barnehage kvart år. Dette gir god bakgrunnsinformasjon om korleis føresette og elevar opplever tenestene i skule og barnehage. I utvikling av modell for tidleg identifisering og oppfølging av utsatte barn, blir brukarar invitert med i prosjektgruppa. Brukerrepresentanter blir også invitert inn i evaluering av modellarbeidet Ungdomsråd og eldreråd er representert i samhandlingsmøter Viktige føringar for vårt arbeid Barnekonvensjonen FNs konvensjon om barns rettar Sist endra 21.12.2022 09.22