Sunnfjord kommune

Nytt frå barnehagen

På heilagdagane i påska tilbyr barnehage og skule plass til barn med foreldre som utfører samfunnskritiske yrker, og for barn med særlege omsorgsbehov. Vi er blitt informert om at det er ein barnehage og skule i kommunen som skal halde ope. Kva barnehage/skule dette blir, vert avgjort ut frå omfanget som treng plass. Behov for barnehageplass på heilagdagane i påska må meldast skriftleg til barnehagen v/ einingsleiar på e-post innan kl 12.00 måndag 6.4.2020.

Brev frå kommunalsjefen finn de her Utgåande brev til foreldre 03.04.20 (DOCX, 25 kB)   

Barnehagen skal halde ope for barn til foreldre som har yrker innan samfunnskritiske sektorar. Dersom du har arbeid innanfor eit av desse yrka må du fylle ut eit skjema og melde ifrå om behov for barnehageplass.Skjema blei levert ut på e-post til alle foreldre, men de finn og skjema her: Kartlegging av behov for barnehageplass (DOCX, 52 kB).  Tilbod om barnehageplass gjeld i dei familiar der begge foreldre (el eineforsørgar) har yrke innanfor dei 15 definerte områda. Dersom berre den eine av foreldra har yrke innanfor dei 15 definerte områda, skal barnet som hovudregel ikkje ha plass.

Dersom begge foreldre har eit yrke innanfor dei områda som er definert som å utføre samfunnskritiske oppgåver, fyller de ut vedlagte skjema og returnerer dette til barnehagen. 

Vi oppmodar foreldre som har rett på plass om å nytte tilbodet minst mogeleg, og t.d. halde barnet heime på dagar ein sjølv har fri. 

Barnehagen held ope for barn med særlege omsorgsbehov.

Barnehagen vil halde ope med vanleg opningstid for dei barna som har rett på plass.

Følg med på heimesida til Sunnfjord kommune for oppdatert informasjon.

 

Barnehagar, skular og SFO stenger i dag 12.03.20 frå kl. 18.00 og førebels til 26.03.20

Foreldre til barn som arbeider i sektorar som er definerte som samfunnskritiske oppgåver skal ha tilbod om barnehageplass.

Følgande 15 funksjonar er definert som kritiske for samfunnet:

•     Styring og kriseleiing

•     Forsvar

•     Lov og orden

•     Helse og omsorg

•     Redningsteneste

•     IKT- tryggleik i sivil sektor

•     Natur og miljø

•     Forsyningstryggleik

•     Vatn og avløp

•     Finansielle tenester

•     Kraftforsyning

•     Elektroniske kommunikasjonstenester

•     Transport

•     Satellittbaserte tenester

  • Apotek

 

Barn med særskilde behov skal ha eit barnehagetilbod.