Sunnfjord kommune

Praktisk informasjon Vieåsen barnehage

Praktisk informasjon Vieåsen barnehage

Her har vi samla ein del nyttig informasjon til foresette i Vieåsen barnehage.

Opningstider

Barnehagen held ope måndag til og med fredag klokka 07.00-16.30.

Tilvenning

Det å starte i barnehagen er ei stor omvelting både for barnet og foreldra. Vårt første møte med foreldra er på foreldremøte våren før oppstart. Foreldra vert oppmoda om å sende inn informasjon om barnet på førehand. Vi reknar ca 3 dager tilvenning, men nokre barn som treng lenger tid. Alle nye barn har ein kontaktperson som har ansvar for å følge opp barnet og foreldra i den første tida. Vi arbeider for at barnet skal kjenne seg trygt, slik at det kan delta i leik, utforsking og lære nye ting.

Ofte stilte spørsmål:

Praktisk informasjon Vieåsen barnehage

Ferie

Barnehagen har ope heile sommaren, men barna må ta ut 3 veker ferie i perioden 1. juni til 1. september. Barna sin ferie skal meldast til barnehagen seinast 1. mai i ferieåret. Vi sender ut førespurnad i april.

Dersom tal barn kjem under 6 barn i ei veke, kan rådmannen fastsette å gje tilbod i ein anna barnehage (jf kommunale vedtekter §8). 

Planleggingsdagar 2020/2021

Vi har 5 planleggingsdagar i løpet av barnehageåret. Barnehagen er då stengt! 

  • Fredag 14. august 2020
  • Fredag 13. november 2020
  • Måndag 25. januar 2021
  • Fredag 12. mars 2021
  • Fredag 18. juni 2021

Oppseiing eller endre type plass

Dersom du ønskjer å seie opp eller endre barnehageplassen, søkjer du på same nettsida som du søkte om plass.

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Rennekleiva 2
6800 Førde

Postadresse: 
Vieåsen barnehage
Postboks 338
6802 Førde