Sunnfjord kommune

24.03.20 Informasjon om stenging og tips til heimeaktivitetar.

24.03.20 Informasjon om stenging og tips til heimeaktivitetar.

Vie barnehage følgjer retningslinjer frå Folkehelseinstituttet og sentralt i Sunnfjord kommune i forhold til stenging/åpning og tiltak i barnehagen i perioden 13.03.20-13.04.20. 

Barn med foreldre innan samfunnskritiske funksjonar og barn med særlege omsorgsbehov har rett på barnehagetilbod. . 

Følgjande funksjonar er definerte som samfunnskritiske av styresmaktene:
• Styring og kriseleiing
• Forsvar
• Lov og orden
• Helse og omsorg
• Redningsteneste
• IKT-sikkerheit i sivil sektor
• Natur og miljø
• Forsyningssikkerheit
• Vatn og avløp
• Finansielle tenester
• Kraftforsyning
• Elektroniske kommunikasjonstenester
• Transport
• Satellittbaserte tenester
• Apoteka

Vi oppmodar alle til å lese informasjon på lenkene nedafor, og ta elles kontakt på telefon eller e-post med einingsleiar eller assisterande einingsleiar for spørsmål. 

Vi alle har ein ny kvardag i heimen med både store og små. Vi ynskjer med dette å gi nokre tips til aktivitetar ein kan gjere i lag med barna, til vi møtes i ei normal drift igjen.

  • Gå turar i lag. (Her må ein gjere seg kjent med rutinar for karantenetid og smitte på linkane ovanfor).
  • Lese bøker og høyre på lydbøker (Spotify har mange elektroniske eventyr).
  • Bordaktivitetar med perling, maling, teikning, klippe og lime som kan gjerast både ute og inne.
  • Kjekke regelleikar både inne og ute: raudt lys, ta den ring og la den vandre, bro bro brille, tampen brenner, lage stafettar.
  • Ta barna med i matlaginga, og skape gode stunder rundt måltida.
  • Spele spel.
  • Variere kva rom ein leikar og oppheld seg i.
  • Ring venner og familie - ha god kontakt og omsorg for kvarandre i tida framover sjølv om ein ikkje har dei faste treffpunkta i denne perioden.
  • Ta barna med i kvardagslege gjeremål som å brette kle, skifte på senga, rydde rommet, ta ut og inn av oppvaskmaskina osv.

Ta gjerne kontakt med oss på telefon eller e-post så svara vi så snart vi kan. Kontaktinformasjon ligg under "kontakt oss" på framsida.