Barnet skal vere kledd slik at det til ei kvar tid kan delta i leik og aktivitetar inne og ute. Ein hovudregel er at barnet har 3 sett med skifteklede, innesko, støvlar og regnklede i barnehagen til ei kvar tid. Vinterstid må barnet i tillegg ha vottar, huer og ein god varm dress. Elles godt med varme klede som t.d ull og fleece.
Barn som brukar bleier tek med dette sjølve. Personalet varslar når det er behov for meir bleier.
Skal barnet sove ute i vogn, tek foreldre med eigna vogn heimanfrå. Foreldre er ansvarlege for at vogna er i forsvarleg stand og har det utstyret som trengst (td. voksipose, myggnetting og selar).
Barnehagen ordnar med seng el madrass og dyne, for barn som søv inne.
Barn som er avhengig av smokk, flaske, kosedyr/koseklut osv., kan sjølvsagt ha med seg dette heimanfrå.