Sunnfjord kommune

Stengte barnehagar i morgon

Stengte barnehagar i morgon

Hei. Mykje er enno usikkert mtp stengte barnehagar og eg er kalla inn til informasjonsmøte i morgon kl 11. Då er truleg fleire ting avklart.  

Vel å dele den siste meldinga frå Kristine - så får de som har "samfunnskritiske oppgåver" vurdere sjølv i morgon. Tilbodet i barnehagen blir "normalt" for dei barna som kjem, men eg har ikkje heilt oversikt over kor mange av personalet som sjølve blir ramma av stenging av barnahage og skule.  

 Frå Kristine:

"Fleire av dykk spør om begge foreldra må jobbe på Førde sentralsjukehus for å kunne levere barna i barnehagen! Det same gjeld for dei som har samfunnskritiske oppgåver. 

Vi har diskutert det i beredskapsgruppa og kome fram til at i morgon tek de i mot dei barna som måtte kome, trass i at berre den eine jobbar på sjukehuset eller har samfunnskritiske oppgåver!   

Grunnen til at det blir slik i morgon er følgande:   

1. Regjeringa har utvida definisjonen på kva som er samfunnskritiske oppgåver. Dette må eg få betre oversikt over!   

2. Foreldra må få tid til å omrøme seg  I morgon brukar de skjøn, og så tek vi tydlege avgjerder i møte som finn stad klokka 11:00." 

Med vennleg helsing   Kristine Steindal Kommunalsjef barnehage