Sunnfjord kommune

Avkøyrsle frå kommunal veg

Avkøyrsle frå kommunal veg

Ei avkøyrsle er alle vegtilknytingar mellom offentleg veg og privat eigedom. 

Kva er søknadspliktig?

  • Skal du sette opp garasje og må lage ei ny avkøyrsle til offentleg veg, eller flytte eller endre på eksisterande avkøyrsle? Då må du søke om løyve. 
  • Skal bruken til avkøyrsla endrast, til dømes dersom fleire bueiningar vert knytt til avkøyrsla, må du søke om løyve til utvida bruk. 

Slik søker du 

For å søke om ny eller utvida bruk av avkøyrsle, skal du bruke elektronisk skjema. Du søker via nettsidene til Statens vegvesen. Søknaden vil gå til kommunen, fylkeskommunen eller til Statens vegvesen alt etter kven som skal behandle søknaden. 

Sjå Statens vegvesen sine nettsider om avkøyrsle og søk elektronisk

Kva vilkår har kommunen til avkøyrsle frå kommunal veg

  • Geometrisk utforming og krav til sikt skal vere i samsvar med Statens vegvesen sine normalar. Det skal i godkjenninga av avkøyrsla fastsetjast kva kategori veg det er snakk om (hovudveg, samleveg eller tilkomstveg). Sjå meir detaljar i Statens vegvesen sin rettleiar.
  • Stigning på avkøyrsla kan vere maks. 1:8 med utflating mot kommunal veg på 1:25 i minimum fem meters lengde. Dette skal dokumenterast ved lengdeprofil.
  • For avkøyrsle frå veg med veggrøft skal det leggast stikkrenne gjennom avkøyrsla. Minste diameter på rør skal vere 160 mm (6"). Til stikkrenne skal det nyttast vegrør eller tilsvarande rør med muffe (ikkje rørbitar eller rør utan muffe). Stikkrenna skal gå min. 0,4 meter utom fylling for avkøyrsla.
  • Avkøyrsle med tilhøyrande stikkrenne skal haldast ved like av grunneigar eller brukar, utan omsyn til kven som har bygt eller kosta avkøyrsla.
  • Dersom avkøyrsla vert bygt eller nytta i strid med godkjenning, kan det gjevast pålegg om at avkøyrsla skal stengast, endrast eller flyttast på den ansvarlege sin kostnad, jf. veglova § 42.

I tillegg til desse vilkåra spelar trafikktryggleik ei stor rolle. Det er til dømes ikkje ønskeleg med meir enn ei avkøyrsle til kvar eigedom og unødig breie/udefinerte avkøyrsler då dette kan gje eit uoversikteleg trafikkbilete. For mange avkøyrslar langs ei kort strekning er heller ikkje ønskjeleg. Fellesavkøyrsle bør difor nyttast der dette er mogleg.

Avkøyrsle i samband med frittståande garasje eller carport

  • Vert garasje eller carport plassert med innkøyring vinkelrett på veg er det sett eit krav om minst 5 meter avstand frå garasjeport / opning carport til eigedomsgrense mot veg.
  • Vert garasje eller carport plassert med innkøyring parallelt med veg er det krav om minst 2 meter avstand frå bygningen til eigedomsgrense mot veg.

Kva kostar det?

Etablering av ny avkøyrsle i samband med ein byggesøknad for til dømes oppføring av ny bustad eller garasje vil ikkje i seg sjølv utløyse eit eige gebyr. Men vert det søkt om flytting eller endring av eksisterande avkøyrsle som eigen søknad vert det gjeve gebyr for det.

Kontakt

Ida-Kristine Mehammer
Sakshandsamar byggesak
E-post
Telefon 57 61 27 36

Jobbar med handsaming av byggesaker etter plan- og bygningslova, og seksjonering på eininga areal og byggesak