Sunnfjord kommune

Drikkevatn og vassverk

Drikkevatn og vassverk

Drikkevatnet i Sunnfjord kommune har høg kvalitet og er trygt å drikke, med mindre vi melder om noko anna. 

Akutt problem med vassforsyning

Ta kontakt med teknisk vakttelefon om du opplever akutt problem med vassforsyninga.

  • Teknisk vakttelefon Førde: 959 89 613
  • Teknisk vakttelefon Gaular: 959 80 992
  • Teknisk vakttelefon Jølster: 959 89 618
  • Teknisk vakttelefon Naustdal: 941 70 515

Ring tenestetorga på telefon 57 72 20 00 om det er andre spørsmål enn akutte problem med vassforsyninga. 
 

Varsling om endring i vassforsyninga

Vi informerar via internett og media, og varslar på telefon til dei som vert direkte berørt ved følgande hendingar:

  • når vi stenger vatnet grunna vedlikehald og lekkasjar
  • om vasstrykket vert endra
  • ved koketilråding av drikkevatnet
     

Tilkopling til det kommunale leidningsnettet

Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadane og bygga som er knytt til nettet.

I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gi byggeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande. 
 

Mjukt eller hardt vatn?

Vi har "mjukt" vatn med pH mellom 7,8 og 8,3. Det betyr at du ikkje treng å tilsette salt i oppvaskmaskiner. 

Temperatur og fargetal varierer noko med årstidene. Vatnet avset ikkje kalkavleiring i rør eller andre installasjonar.

Vassverk i Sunnfjord kommune

 

Vassverk i Førde

Førde vassverk følger prøveplanar i samsvar med Drikkevassforskrifta. Prøvene vert analyserte av SunnLab AS

Drikkevatnet frå Førde vassverk kjem frå Gravvatnet som ligg ca 600 moh, på grensa mellom Førde og Gaular. Vatnet renn i tunnel og røyr fram til vassverket i Refsdalen. Der vert det filtrert gjennom 4 basseng med marmorsand, og deretter desinfisert med klor og ultrafiolett (UV) lys, før det blir sendt ut til forbrukarane.

Vassverket produserer klor frå vanleg koksalt i eige anlegg.

Vassverk i Jølster

  • Skei vassverk
  • Vassenden vassverk
  • Hegrenes vassverk
  •  Astruptunet vassverk

Vassverka (unnateke ein del av Hegrenes vassverk, som har borebrønn) har Jølstravatnet som kjelde. Vatnet blir pumpa opp til behandlingsanlegga kor vatn blir desinfisert med ultrafiolett (UV) lys og vannglas, før det blir sendt ut til forbrukarane.

Naustdal vassverk

Naustdal vassverk forsyner kommunesenteret og bygdene i frå Solheim til Ullaland og Kalland, og Solheim til Naustal sentrum.

Råvatn blir teke ut ved Horstadvatnet på 25 meters djup, er godt sikra mot ureining og har ein god hygienisk kvalitet.

Vassbehandling omfattar desinfeksjon med UV-bestråling (100% reserve UV), partikkelfjerning med trykksilar og anlegg for nødkloring. PH i vatnet vert auka ved bruk av vassglass.

Anlegget er tilknytt driftskontrollanlegg.

Gaular vassverk

 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00