Sunnfjord kommune

Avfallshandtering

Avfallshandtering

Er du eigar av privat bustad i Sunnfjord kommune er du automatisk med i renovasjonsordninga til kommunen. 

Avfall som vert henta heime hos deg

Avfall du sjølv kan levere 

Prisar for renovasjon 

Ny bossdunk

  • Ta kontakt med tenestetorga på telefon 57 72 20 00 om du skal bestille bossdunk til eit nyinnflytta hus, eller du ønsker å bytte til ein mindre eller større bossdunk. 
  • Merk deg at du må ha ferdigattest på bustaden før du bestiller bossdunkar. 

Heimekompostering

Du må søke om heimekompostering, då komposteringsbingen skal godkjennast av kommunen. Bingen bør vere prefabrikert, men du kan òg få godkjent ein plassbygd binge. Send søknad, og få reduksjon i renovasjonsavgifta.

Forskrifter

Sjå Sunnfjord Miljøverk sine nettsider om løyver og forskrifter for renovasjonsordninga

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00