Val av meddommarar
Kommunestyret skal kvart fjerde år oppnemne nye meddommere til Sogn og Fjordane tingrett, Gulating lagmannsrett og jordskifteretten. I tillegg skal kommunestyret foreslå skjønnsmedlemmer som blir valde av fylkestinget.
Meddommarar er vanlege innbyggarar som er med på å ta avgjerder i rettssaker.
Ein meddommar (lekdommar) er ein person utan juridisk utdanning som er med på å ta avgjerder i rettssaker, saman med fagdommarar.
Ein meddommar deltek i rettsmøta på lik line med fagdommar, og er med på å vurdere om den tiltalte i ei straffesak er skuldig og kva slags straff vedkomande eventuelt skal få.
Det er eit viktig prinsipp i det norske rettssystemet at ein tiltalt skal bli dømt av likemenn. Som meddommar blir du ein del av eit utval som blir tilfeldig trekt ut til å delta. Som alminneleg meddommar deltek du vanlegvis i 1-3 saker per år. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.
På domstolane si nettsida kan du lese meir om rolla som meddommar.
Kven som kan bli meddommar er regulert i domstollova kapittel 4. Skjønnsmedlemmer er regulert i skjønnsprosessloven § 14.
For å bli valt som meddommer eller skjønnsmedlem, du må:
- stå innført i folkeregisteret som busett i Sunnfjord kommune
- vere norsk eller nordisk statsborgar, eller ha stått registrert i folkeregisteret som busett i Norge dei tre siste åra.
- ha fylt 21 år og under 70 år når valperioden startar, 1. januar 2025, for skjønnsmedlemmer er det ingen øvre aldersgrense
- snakke og forstå norsk, og ellers vere personleg eigna til oppgåva
- ikkje være frådømt stemmeretten
- ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene.
- ikkje vere dømt for visse straffbare forhold. (sjå domstolloven § 72)
Det er en fordel om du i tillegg har god digital kompetanse, slik at du kan bruke dei digitale verktøya som domstolene brukar i saksbehandlinga.
Nokre yrkesgrupper kan ikkje vere meddommar, mellom anna tilsette i Justisdepartementet, påtalemakta og politiet, eller praktiserande advokatar.
Stortingsrepresentantar, -vararepresentantar og statsrådar med fleire kan ikkje veljast som meddommarar. Elles kan politikarar veljast som meddommarar.
Sidan det er krav om meddommarar sin lovlydnad, vil det bli gjort ein vandelskontroll av kandidatane.
Det er ikkje noko krav til meddommar i tingretten eller lagmannsretten sin faglege bakgrunn. Dette fordi ein tiltalt skal bli dømt av sine likemenn.
I tingretten er du er ein av to meddommarar som skal dømme i straffesaker saman med ein juridisk dommar (fagdommar). Tingretten behandlar alle saker i første instans.
I lagmannsretten er du er ein av fire meddommarar som skal dømme i straffesaker saman med 3 fagdommarar. Du vil også kunne gjere teneste i enkelte sivile saker.
Jordskifteretten er ein særdomstol som behandlar saker som gjeld fast eigedom. Ein skil sakene i tre hovudkategoriar: rettsfastsetjande saker, rettsendrande saker og skjønn.
Jordskifteretten avgjer til dømes saker som gjeld:
- kvar ei eigedomsgrense går
- om nokon har ein vegrett
- korleis andelar i eit sameige er fordelt
- bestemme kva nokon må betale for å få ein rett, til dømes om nokon ønsker å kjøpe seg rett til å bruke ein veg
Det eit særleg krav om at jordskiftemeddommarar skal vere «kunnige i saker som jordskifteretten […] til vanleg har». Kunnig inneber at meddommarane «har greie på, kjenner til eller veit noko om det saka gjeld».
Døme på kompetanse som jordskrifteretten treng er landbruk, skogbruk, arealplanleggar, meklar, takstmann, revisor og økonom.
Jordskiftemeddommarar deltek som regel på synfaringer i skog og mark, og dei som veljast må kunne ferdast i terreng.
Du kan rekne med å bli plukka ut til teneste frå éin til fire gonger i løpet av perioden på fire år.
Skjønnsmedlem og fagkyndig meddommer bidrar med rettslig skjønn innenfor sitt spesialområde. De deltar både i tingretten, jordskifteretten og lagmannsretten i rettslige skjønn og overskjønn (skjønn i lagmannsretten). Slike skjønn er en form for rettergang hvor formålet som regel er å fastslå verdien av eller rettigheter i fast eiendom.
Skjønnsmedlemmer bør ha ein spesiell fagkompetanse innanfor følgande fagfelt:
- Landbruk (sivilagronomer og gårdbrukere)
- Skogbruk (forstkandidater og andre med kompetanse innen drift og verdsettelse av skog)
- Arealplanlegger
- Eiendomsutviklar
- Entreprenør (døme: maskinentreprenør, byggmester eller tømrer, kompetanse innen ulike typer bygg og anlegg og utbygging av vei, tunneler og/eller vannkraft).
- Arkitekt
- Verdifastsetting (Eiegedomsmekling og eigedomstaksering)
- Revisor/økonom
- Fast eigedom (kompetanse på matrikkellov og/eller plan- og bygningsrett fra offentleg forvalting, planlegging av
kommunalteknikk eller ulike typar vegar, anleggsgartnar med meir)
Domstolane har meldt inn særleg behov for skjønnsmedlemmer med kompetanse som eigedomsmeklar og takstmann.
Det er ingen øvre aldersgrense for vervet som skjønnsmedlem.
Her finn du meir informasjon om vervet som meddommar
Meld interesse innan 25. mars
Det er eit viktig prinsipp i det norske rettssystemet at ein som er tiltalt skal bli dømt av sine likemenn. Domstollova § 67 har difor reglar om at utvala av meddommarar skal ha ei allsidig samansetting, sånn at det best mogeleg representerer alle delar av befolkninga. Unge og personar med innvandrarbakgrunn er underrepresentert, og blir særleg oppfordra til å melde interesse.
Ønsker du å vere meddommar? Fyll ut skjemaet under for å melde interesse innan 25. mars 2024.
Fyll ut skjema for å bli meddommar
Du blir valt for heile valperioden som meddommer, frå 1, januar 2025 til 31. desember 2028. Sidan det er krav om meddommarar sin lovlydnad, vil det bli gjort ein vandelskontroll av kandidatane.
Om du er aktuell blir du kontakta når arbeidet med rekruttering av meddommarar startar.
Har du spørsmål eller ønsker å foreslå nokon som kandidat, send e-post til politisk sekretariat, politikk@sunnfjord.kommune.no