Sunnfjord kommune

Smittevern og val

Smittevern og val

Det blir val 13. september uansett smittesituasjon. Det skal vere trygt for alle å røyste. Klikk for stort bilete   

Val under pandemi 

Det er stortings- og sametingsvalg 13. september. Valdirektoratet har utarbeidd ein smittevernrettleiar som kommunen har tatt utgangspunkt i under planlegginga.

Smittevernrettleiar

Hovudbodskapen i rettleiaren er at det skal vere trygt å røyste, både for veljarane og for valmedarbeidarane. Det er sett i verk ei rekke tiltak for å redusere sjansen for smittespreiing:

  • For å redusere kødanning er det etablert lenger opningstid på valdagen, og lokala blir organisert med separat inn- og utgang.  
  • Veljarane som er i karantene eller isolasjon kan søke om å røyste heime heilt fram til valdagen 13. september, kl. 10. 
  • Både i vallokala blir valavlukker og røystemottakarbord plassert får å sikre at avstandsreglar blir følgde.
  • I alle vallokala blir det laga ein plan for ekstra reinhald. Valmedarbeidarane vil i tillegg til sine ordinære oppgåver få ansvar for jamleg reinhald av dei flatene som kan medføre smittespreiing.

Hugs smittevern

Det er viktig at du følger gjeldande smittevernreglar og råd. Hald deg heime dersom du er sjuk. Hald avstand og ha god handhygiene når du skal røyste.  

Er du i karantene på grunn av Covid-19 og ønsker å førehandsrøyste? 

Om du er i karantene på grunn av Covid-19 skal du ikkje møte opp i eit vallokale.

Dersom du kjem ut av karentene før valdagen 13. september er hovudregelen at du skal røyste når karantenen er avslutta.

Om du ikkje kjem ut av karantene før etter valdagen, skal du røyste utanfor næraste tenestetorg. Kontakt kommunen for å avtale tid og stad for røystegjevinga, ring tenestetorget 577 22 000 for påmelding. Informer om at du sitt i karantene på grunn av Covid-19.

Frist for å gjøre avtale er fredag 10. september, klokka 10:00.

Er du i isolat på grunn av Covid-19 og ønsker å førehandsrøyste? 

Om du er i isolat på grunn av Covid-19 skal du ikkje møte opp i eit vallokale.

Om du ikkje kjem ut av isolat før etter valdagen, kjem røystemottakarane heim til deg. Fyll ut søknadsskjema for heimerøysting, og merk av at du er i isolat. Ein røystemottakar vil ringe deg for å avtale tidspunkt. 

Søk om å røyste heime

Du kan ringe tenestetorget 577 22 000, dersom du treng hjelp til å fylle ut skjemaet.

Frist for å søke er fredag 10. september, klokka 10:00.

Blir du sett i karantene eller isolat etter 10. september? 

Om du er i karantene eller isolat på grunn av Covid-19 skal du ikkje møte opp i eit vallokale.

Dersom du blir sett i karantene eller isolat etter fredag 10. september kl. 10.00, må du kontakte kommunen dersom du vil røyste. Ring tenestetorget 577 22 000, og informer om du er sett i karantene eller isolat. 

Frist for å gjøre avtale er måndag 13. september, klokka 10:00.