Sunnfjord kommune

Slik røyster du

Slik røyster du

Klikk for stort bilete Stortings- og sametingsvalet 2021 er måndag 13. september. Du han førehandsrøyste frå 10. august til 10. september.

    Hugs smittevern

    Det er viktig at du følger gjeldande smittevernreglar og råd. Hald deg heime dersom du er sjuk. Hald avstand og ha god handhygiene når du skal røyste.  

    Du må røyste i heimkommunen på valdagen

    Stortingsvalet 2021 er måndag 13. september. På valdagen kan du berre røyste i heimkommunen din, der du var folkeregistrert som busett  per. 30. juni 2021. Viss du ikkje skal vere i den kommunen på valdagen, må du førehandsrøyste innan 10. september. 

    Fritt val av vallokale 

    Du kan velje fritt kvar du vil førehandsrøyste eller røyste på valdagen, uavhengig av kva røystekrins du høyrer til. Sjå oversikt over lokale og opningstider her: 

    Førehandsrøysting i Sunnfjord kommune

    Valdagen i Sunnfjord kommune  

    Vallokale og opningstider i andre kommunar 

    Hugs legitimasjon og valkort 

    Du må vise legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilete. Døme på legitimasjon er pass, førerkort og bankkort med bilde.

    Ved stortingsvalget 2021 får du tilsendt valkortet ditt digitalt. Personar som har reservert seg mot digital post fra det offentlige vil fortsatt få valgkortet på papir. Du må ikkje ta med valkortet for å røyste, men det går raskere dersom du har det med.

    Lister og kandidatar 2021

    Sunnfjord kommune høyrer til Sogn og Fjordane valdistrikt. 

    Her finn du oversikt over parti og kandidatar for Sogn og Fjordane valdistrikt

    Her finn du oversikt over parti og kandidatar for andre valdistrikt

    Hjelp til å røyste 

    Ta kontakt med ein valfunksjonær dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal stemme. Valfunksjonærane har teieplikt.

    Har du nedett psykisk eller fysisk funksjonsevne som gjer at du ikkje kan stemme aleine? Då har du rett på å få hjelp til å stemme av ein valgfunksjonær eller ein annan person som du sjølv peikar ut.

    Slik røyster du 

    Klikk for stort bileteGå inn i valavlukket og vel stemmesetelen du vil bruke.

     

     

     

     

    Klikk for stort bilete

    Gjer eventuelle endringar på stemmesetelen. 

    Du kan skrive inn ny nummerering av kandidatane i boksane til venstre.

    Du kan sette kryss i boksen til høgre for kandidatar du vil stryke. 

     

    Klikk for stort bilete
    Brett stemmesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut – då kan ingen sjå kva du røyster. Du skal ikkje bruke konvolutt eller anna omslag rundt røystesetelen. 

     

     

     

    Klikk for stort bileteGå til valfunksjonæren for registrering. Ha legitimasjon og valkort klart. 

    Når du er registert får du stempel på utsida av røystesetelen. Røystesetelen må ha stempel for å bli godkjent. 

     

    Klikk for stort bilete
    Legg den stempla røystesetelen i valurna. 

     

     

     

     

     

    Meir informasjon 

    Les meir om stortings- og sametingsvalet på Valdirektoratet sine nettsider