Sunnfjord kommune

Røyste på valdagen

Røyste på valdagen

Valdagen for stortingsvalet 2021 er måndag 13. september. På valdagen kan du berre røyste i kommunen du er manntalsført i. Hugs legitimasjon!

Klikk for stort bilete  

Vallokale og opningstider 

Du kan velje fritt blant valloka i Sunnfjord kommune, og må ikkje røyste i lokalet som står oppført i valkortet ditt. 

Val 2021 - vallokale og opningstider
Valkrins Vallokale Opningstid
Førde Førdehuset, idrettshallen kl. 09.00-21.00
Haukedalen Frøysland skule, gymsal kl. 12.00-19.00
Holsen Holsen skule, gymsal kl. 12.00-19.00
Karstad Karstad skule, gymsal kl. 12.00-19.00
Sande Sande kyrkjelydshus kl. 10.00-20.00
Bygstad Bygstad skule, gymsal kl. 10.00-20.00
Viksdalen Viksdalen skule, gymsal kl. 12.00-19.00
Skei Samfunnshuset Kl. 10.00-20.00
Vassenden Vassenden ungdomsskule, gymsal kl. 10.00-20.00
Naustdal Naustdal kyrkjelydshus kl. 10.00-20.00
Dalen Dalen næringssenter kl. 12.00-19.00
Vevring Vevring skule, gymsal kl. 12.00-19.00

Finn vallokale på kart her.

Hugs smittevern

Det er viktig at du følger gjeldande smittevernreglar og råd. Hald deg heime dersom du er sjuk. Hald avstand og ha god handhygiene når du skal røyste.  

Er du i isolasjon eller karantene med symptom? 

Om du er i isolasjon eller i karantene og har symptom på grunn av Covid-19, skal du ikkje møte opp i eit vallokale. 

Dersom du vil røyste må ein valmedarbeidar kome heim til deg. Du må du ringe tenestetorget 577 22 000 for å gjere avtale. 

Fristen er måndag 13. september, klokka 10:00.

Er du i karantene? 

Om du er i karantene på grunn av Covid-19, skal du ikkje møte opp i eit vallokale.

Dersom du vil røyste må du ringe tenestetorget 577 22 000, og informere om du er sett i karantene. 

Etter kl. 15.15 må du ringe valansvarleg: 97153502

Er du sjuk og har influensasymptom? 

Om du er sjuk med influensasymptom, skal du ikkje møte opp i eit vallokale.

Dersom du vil røyste, må du ringe tenestetorget 577 22 000

Etter kl. 15.15 må du ringe valansvarleg: 97153502