Sunnfjord kommune

Manntal og røysterett

Manntal og røysterett

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett. Du må stå innført i manntalet for å røyste ved valet.

Har du røysterett?

Du har røysterett dersom du er:

  • norsk statsborgar
  • har fylt 18 år innan utgangen av 2021
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge

Står du i manntalet?

Veljarar som er busett i Norge blir automatisk ført inn i manntalet i den kommunen dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret. Dersom du får tilsendt valkort er du innført i manntalet.

Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå, sjølv om du melder flytting.

Kommunen legg ut manntalet til offentleg ettersyn når det er klart, rundt 10-15. juli.

Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn på følgande stadar:

  • Førde tenestetorg - kart 
  • Naustdal tenestetorg - kart
  • Sande tenestetorg - kart 
  • Skei tenestetorg - kart 

Opningstida til tenestetorga er måndag til fredag kl. 08.00 - 15.15.

Korleis søke om å bli innført i manntalet?

Du søker ved å skrive under på den omslagskonvolutten som benyttes ved forhåndsstemmegivning utenriks. Dersom du forhåndsstemmer i Norge eller ikke benytter den nevnte omslagskonvolutten, må du søke særskilt. Dette kan gjøres i et vanlig brev eller ved å fylle ut skjema for søknad om innføring i manntallet (PDF, 82 kB). Dette kan du gjøre samtidig som du avgir din stemme. Søknaden må inneholde en erklæring om at du fortsatt er norsk statsborger.

Søknaden skal sendes til adresse: Sunnfjord valstyre

Søknaden må vere komen fram til valstyret innan 14. september kl. 17.00 for å bli godkjent.