Sunnfjord kommune

Førehandsrøysting

Førehandsrøysting

Har du allereie bestemt deg for kva du skal røyste? Då kan du førehandsrøyste frå 10. august til 10. september. Hugs å ta med gyldig legitimasjon!Klikk for stort bilete 

Fram til no har 7 701 røysta på førehand. Av desse er 698 røyster til andre kommunar. 

Du kan velje om du vil førehandsrøyste eller røyste på valgdagen, men har du førehandsrøysta er det den som gjeld. Du må ikkje å ha med valkort, men registreringa går raskare dersom du har det med. 

Hugs smittevern

Det er viktig at du følger gjeldande smittevernreglar og råd. Hald deg heime dersom du er sjuk. Hald avstand og ha god handhygiene når du skal røyste.  

Her kan du førehandsrøyste 

  • Førde tenestetorg (rådhuset) – kart
  • Naustdal tenestetorg (kommunehuset) – kart
  • Sande tenestetorg (kommunehuset) – kart
  • Skei tenestetorg (kommunehuset)– kart
  • ALTI Førde, Skywalken - kart

Opningstider

Førde tenestetorg 

  • Kl. 08.15 - 15.15 måndag til fredag i veke 32-35
  • Kl. 08.15 - 17.00 måndag til onsdag i veke 36 (6. - 8. september)
  • Kl. 08.15 - 18.00 torsdag og fredag i veke 36 (9. og 10. september) 

Naustdal, Sande og Skei tenestetorg

  • Kl. 08.15 - 15.15 måndag til fredag i veke 32-35
  • Kl. 12.00 - 16.00 laurdag i veke 35 (4. september)
  • Kl. 08.15 - 15.15 måndag og tysdag i veke 36 (6. og 7. september)
  • Kl. 08.15 - 17.00 onsdag til fredag i veke 36 (8. - 10. september)

ALTI Førde 

  • Kl. 12.00-16.00 laurdag 4. september

Andre måtar å førehandsrøyste på 

Bur du utanfor Sunnfjord kommune? 

Nettsidene til valdirektoratet, valglokaler.no, blir oppdatert med informasjon om førehandsrøysting i andre kommunar. 

Meir informasjon om valet?

Les meir om stortings- og sametingsvalet på Valdirektoratet sine nettsider