Sunnfjord kommune

Digitalt valkort

Digitalt valkort

Ved årets stortings- og sametingsval får veljarane tilsendt valkortet digitalt.

Klikk for stort bilete   

Digitalt valkort

Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved valet.

På valkortet står det kva valkrets du høyer til, slik at det er enkelt for deg å vite kvar og når du skal røyste på valdagen 13. september. Sjølv om du høyrer til ein valkrets kan du likevel velje fritt blant vallokala i Sunnfjord kommune.

Vi ønsker at du tar med deg mobiltelefonen og har valkortet klart når du skal røyste, det vil gjere det enklare og raskare for valfunksjonærane å finne deg i manntalet.

Slik finn og brukar du ditt digitale valkort 

Alle som får valkortet digitalt får tilsendt ei varsling om dette på SMS. Når du har fått denne SMS-en er valkortet ditt tilgjengeleg i den digitale postkassa di.

  • Gå til den digitale postkassetenesta du brukar: DigipostE-boks eller Altinn
  • Opne valkortet
  • Vis valkortet ditt på mobilen til valfunksjonæren når du skal røyste 

Må du ha valkortet for å røyste? 

Nei, alt du treng for å røyste er legitimasjon med fullt namn, fødselsdato og bilde. Hugs at valkortet ikkje gjeld som legitimasjon.

Får alle digitalt valkort? 

Nei, nokon får valkortet på papir. Dette gjeld personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månedane.

Les mer om digitalt valgkort på nettsidene til valg.no