Sunnfjord kommune

Ordførar og varaordførar

Ordførar og varaordførar

Ordførar og varaordførar for Sunnfjord kommune vart valt av kommunestyret 18. oktober 2019.

Ordførar i Sunnfjord kommune

Olve Grotle, H - Klikk for stort bilete Fotograf Reiakvam Olve Grotle (H)
Ordførar

E-post: olve.grotle@sunnfjord.kommune.no
Telefon: 57 61 27 00 / 952 07 929

Følg ordføraren på Facebook

Olve Grotle frå Høgre er ordførar i Sunnfjord kommune. Han leiar kommunestyret sine møte og er kommunen sin rettslege representant. Han er også kommunen sin fremste folkevalde representant og kommunen sitt ansikt utad.

Olve Grotle er fødd 17. februar 1964 og var ordførar i Førde frå 2011 til 2019. Han er utdanna jurist med kommunal rett som spesialfelt. 

Varaordførar i Sunnfjord kommune

Jenny Følling, SP - Klikk for stort bilete Fotograf Reiakvam Jenny Følling (Sp)
Varaordførar 

E-post: jenny.folling@sunnfjord.kommune.no
Telefon: 479 05 990

Følg vararordføraren på Facebook

Jenny Følling frå Senterpartiet er varaordførar i Sunnfjord kommune. Varaordføraren si oppgåve er å bistå ordføraren. Dersom ordføraren mellombels trer ut av sitt verv, rykker varaordføraren opp som ordførar. 

Jenny Følling er fødd 19. mars 1962 og var fylkesordførar i Sogn og Fjordane i perioden 2015–2019 og varaordførar frå 2011 til 2015. Ho har vore representant i fylkestinget sidan 2003. 

Ho var ordførar i Gaular kommune frå 2003 til 2011. 

Jenny Følling er utdanna agroteknikar og har tidlegare arbeidd som næringskonsulent i Gaular kommune og ved landbruksavdelinga hos Fylkesmannen.    

Sjå også