Mål om å styrke lokaldemokratiet
Prosjektet har som føremål å styrke lokaldemokratiet i Sunnfjord kommune. Å skape meir engasjement om utviklinga av kommunen, ha brei involvering og at det skal vere enkelt for innbyggarane å kome med innspel. Prosjektet handlar om tre hovudtema:
Politisk organisering
- Korleis styrke rolla til råda for eldre, menneske med nedsett funksjonsevne og ungdom?
- Korleis skal vi organisere politisk medverknad i større planar og prosjekt?
- Vurdere nye metodar for samarbeid mellom folkevalde, og opp mot innbayggarane og administrasjonen.
Sikre gode arenaer for demokrati og utvikling
- Korleis skal vi nå ut til ikkje-digitale innbyggarar?
- Vurdere ulike løysingar for involvering og medverknad.
- Evaluere ordninga med nærmiljøråd og samarbeidet med kommunen.
Digital innbyggarmedverknad
- Vurdere digitale løysingar for innbyggarmedverknad
- Brukar står i fokus - må vere brukarvennleg og låg terskel
- Sikre klart og tydeleg språk
Utvalet for lokaldemokrati
Kommunestyret har oppretta eit utval for lokaldemokrati som skal fungere som styringsgruppe for prosjektet. Utvalet hadde oppstartsmøte 23. juni 2022.
Medlemmer:
- Anne Lilleaasen (H) – leiar
- Rune Hegrenes (SP) nestleiar
- Atle Hamar (V)
- Sara-Marie Horsevik (AP)
- Åsmund Berthelsen (SV)
Møteplan og kontaktinformasjon
Medverknad
Utvalet for lokaldemokrati er opptekne av å få innspel til prosjektet frå innbyggarane i kommunen. Utvalet vil vurdere metodar for medverknad som spørjeskjema, fokusgruppe og innbyggarpanel. Det kjem meir informasjon etter sommaren.
Har du innspel til gode arenaer for lokaldemokrati eller idear om tiltak for å styrke lokaldemokratiet?
Send innspel til leiaren:
Meir informasjon