Krav til våre leverandørar

Frå 01.02.2023 skal alle offentlege nettstader ha tilgjengelegheitserklæring. Sunnfjord kommune har ansvar for at alle våre tenester som heilt eller delvis består av tredjepartløysingar også skal ha ein slik erklæring. Det betyr at du som leverer løysingar som er ein del av dei digitale tenestene til innbyggjarane våre no må lage ein slik tilgjengelegheitserklæring.

Som leverandør må du lage tilgjengelighetserklæring

Les meir om krava og kva ei tilgjengelighetserklæring er på sidene til Tilsynet for universell utforming av IKT (uutilsynet).

Når de som leverandør har testa nettstaden ut frå krava om universell utforming, og har fylt ut sjekklista til uutilsynet, sender de den til vår kommune ved informasjon@sunnfjord.kommune.no. Sunnfjord kommune vil lage erklæringa ut frå WCAG-sjekklista som er fylt ut. I samarbeid med dykk vil vi finne ein god plass å publisere tilgjengelegheitserklæringa. Ein god stad kan vere i botn av nettstaden eller saman med personlege innstillingar.

Krav om universell utforming av IKT i anskaffingar

Sunnfjord kommune ønskjer seg leverandørar som tek alle typar brukarar på alvor og som kontinuerleg har fokus på universell utforming.

Universell utforming har lovkrav, og 47 spesifikke krav må ein følgje for at  ein app eller nettstad kan bli definert som universelt utforma. Alle IKT-løysingar som er retta mot innbyggjarar og tilsette i Sunnfjord kommune må følgje krava i Forskrift for universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT) -løysingar.

Krava kan variere mellom anskaffingar, og dei konkrete krava vil vere i anbodsdokumenta. Minimumskrava vil alltid vere at i Forskrift for universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT) -løysingar skal vere oppfylt.               

Eksemplar på krav som er viktig

Alle krava i Forskrifta skal vere oppfylte fordi kvart einskilt krav er laga for å unngå problem for utsette grupper. Her er nokre eksemplar på krav som er viktige:

  • For at alle skal kunne sjå godt og ikkje anstrenge auga må løysinga ha god kontrast (forholdstal 7 til 1 mellom tekst og bakgrunn), ha stor nok tekst, store knappar og det må vere mogeleg å auke størrelse på sidene inntil 400 prosent.
  • Det må vere mogeleg å bruke heile løysinga berre ved hjelp av tastaturnavigering, slik at dei som ikkje kan bruke mus eller er avhengig av skjermlesar kan bruke løysinga.
  • Alle bilete, grafar, og illustrasjonar må ha tekstalternativ, slik at dei som ikkje ser kan oppfatte innhaldet.
  • Bruk av farge må ta omsyn til at nokon er fargeblinde, og må difor ha tekst eller skravering i tillegg.
  • Alle skjemafelt må vere koda rett, slik at koden validerer ved ein kodesjekk. Dette er spesielt viktig  for at løysinga skal fungere for skjermlesarbrukarar.