Eigenkontroll

Eigenkontroll er ein naudsynt føresetnad for god styring, måloppnåing og læring på alle nivå i kommuneorganisasjonen. 

Ein effektiv eigenkontroll bidreg til kvalitet og effektivitet i tenesteleveransane og gjer organisasjonen betre rusta til å handtere framtidige utfordringar. Eigenkontroll handlar i dagleg drift om den sikrande «omslutnaden» som må vere på plass i dagleg tenesteproduksjon og forvaltningsutøving for at denne skal fungere tilfredstillande; slik at kommunal kvalitet ikkje blir rein «flaks», men er resultat av systematisk eigenkontroll.

At kommunen har god eigenkontroll er særleg viktig fordi:

  • Kommunen leverer viktige velferdstenester til alle
  • Kommunen har viktige oppgåver som myndigheitsutøvar
  • Kommunen har ansvar for fellesskapets pengar
  • Kommunen må ha tillit som forvaltningsorgan og demokratisk arena

Kommunedirektørens samla ansvar

Kommunen har eit sjølvstendig ansvar for å føre kontroll med eiga verksemd. Kommunedirektøren har det overordna ansvaret: Gjennom den sektor-overgripande eigenkontrollen formidar kommunedirektøren forventningar til organisasjonen, og det blir tilrettelagt for etterleving, styring og oversikt.

Kravet om eigenkontroll med administrasjonen og kommunedirektørens særlege ansvar er blitt skjerpa i den nye kommunelova. Kommunelova § 25-1 seier m.a.;

Kommuner og fylkeskommuner skal ha internkontroll med administrasjonens virksomhet for å sikre at lover og forskrifter følges. Kommunedirektøren i kommunen og fylkeskommunen er ansvarlig for internkontrollen.

Internkontrollen skal være systematisk og tilpasses virksomhetens størrelse, egenart, aktiviteter og risikoforhold.

Ansvaret for eigenkontrollarbeidet i Sunnfjord kommune følgjer linja :

  • Kommunedirektør har overordna ansvar for eigenkontrollen og som eigar og tilretteleggar av det elektroniske eigenkontrollsystemet- Rettesnora. Kommunalsjefane har ansvar for eigenkontroll på sine respektive sektorar på same vis – og einingsleiarane har ansvaret i einingane.
  • Ansvaret for operativ bruk av verktøya i kommunedirektørens eigenkontrollsystem, ajourhald i systemet og rapportering frå systemet følgjer også linja.

Rettesnora – kommunedirektørens elektroniske eigenkontrollsystem

Innføring av elektroniske verktøy har vore eit viktig grunnlag for å drive eit systematisk, effektivt og dokumenterbart eigenkontrollarbeid hjå kommunedirektøren og ute i einingane. Systemet skal ivareta kravet om eigenkontroll og kvalitetskrav, som lover, forskrifter og kommunen sine eigne standardar.

Rettesnora som system er både: operative oppslagsverktøy, gjennomføringsverktøy, dokumentasjonsverktøy og statistikkverktøy i eigenkontrollarbeidet.

Ulike modular i Rettesnora