Sunnfjord kommune

Slik er budsjettprosessen i Sunnfjord kommune

Slik er budsjettprosessen i Sunnfjord kommune

Årsbudsjettet er ein bindande plan for kommunen sine midlar og korleis desse skal bli brukt. Det blir politisk behandla i desember kvart år.

Budsjettprosessen kort fortalt

Kommunedirektøren sitt forslag

Kommunedirektøren i Sunnfjord legg fram sitt forslag til årsbudsjett 2023. Dette har heile organisasjonen arbeidd med i lang tid.

Kommunedirektøren sitt framlegg til årsbudsjett 2023

Etter denne presentasjonen er det dei folkevalde som overtar stafettpinnen, og har ansvaret for at det blir vedtatt eit årsbudsjett i balanse.

Formannskapet 3. november 2022

Råd og utval – orientering og spørsmål

  • 7. november Ungdomsrådet
  • 8. november  Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
  • 8. november Eldrerådet
  • 9. november Utvalet for helse og omsorg
  • 9. november Utvalet for oppvekst
  • 9. november Utvalet for samfunn, kultur og næring

Råd og utval 7.–9. november 2022

Drøfting i formannskapet

Medlemmene i formannskapet får høve til drøfting og å stille spørsmål til kommunedirektøren.

Formannskapet 10. november 2022

Vedtak om offentleg ettersyn

Forslaget til årsbudsjett skal bli lagt ut til offentleg ettersyn minst 14 dagar før kommunestyret behandlar det.

 Det inneber at årsbudsjettet er ute på høyring og vi ønsker at lag, organisasjonar og innbyggarar kjem med sine innspel. 

Formannskapet skal legge planen ut på høyring i møte 1. desember 2022.

Møtet er ope for publikum.

1. desember 2022

Alle kan kome med innspel

Frå 1. desember kan alle som ønsker det kome med innspel til årsbudsjettet. Frist for å sende innspel er 15. desember.

Du kan sende innspel på e-post:

Alle innspel blir offentleggjorde og lagt ved saka til kommunestyret.

1.–18. desember 2022

Uttale

I desember skal dei kommunale råda og hovudutvala kome med sine uttalar og råd til kommunestyret. 

  • 5. desember Ungdomsrådet
  • 6. desember Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
  • 6. desember Eldrerådet
  • 7. desember Utvalet for helse og omsorg
  • 7. desember Utvalet for oppvekst
  • 7. desember Utvalet for samfunn, kultur og næring 

Den politiske behandlinga blir fortløpande fletta inn i saksutgreiinga for Årsbudsjett 2023.

Utval 5.–7. desember 2022

Innstilling

Det er formannskapet som gjev innstilling (tilråding) til kommunestyret. 

Formannskapet 8. desember 2022

Kommunestyret vedtek budsjettet

20. desember klokka 10:00

Kommunestyret behandlar budsjettet i kommunestyremøte 20. desember. Møtet er ope for publikum.

Når årsbudsjettet er vedtatt, er det kommunedirektøren som har ansvar for å gjennomføre vedtaka som er gjort.

Kontakt

Lise Mari Haugen
Assisterande kommunedirektør
E-post
Telefon +47 57 61 27 04
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon +47 91 10 12 66
Jenny Følling
Ordførar
E-post
Telefon +47 57 61 27 03