Økonomiplan for Sunnfjord kommune
Kort om økonomiplan 2022 - 2025
Årsrekneskapen for 2020 vart gjort opp med eit meirforbruk i drifta på 17 mill. kroner. Dette reduserte netto driftsresultat frå 30 mill. kroner til 13 mill. kroner. Fleire av behova som er omtalt i økonomiplan 2022 – 2025 har samanheng med meirforbruk i drifta.
Demografi - fleire eldre og færre born
Det er i økonomiplan 2022 – 2025 lagt til grunn ei forventning om folketalsvekst i Sunnfjord kommune på same nivå som landet på 0,5 %. Det er stort fokus på tiltak for å få folketalsvekst gjennom både kommuneplanen sin samfunnsdel og arbeid med rekruttering. Dei demografiske framskrivingane viser nedgang til tal barn i barnehage og skule og stor auke i tal eldre over 80 år. Pr. i dag er mykje av meirforbruket i drifta innan omsorg. Det er nødvendig å setje i gong eit omstillingsarbeid for at omsorgssektoren skal kunne møte den demografiske veksten på ein forsvarleg måte både fagleg, økonomisk og med ressursar og kompetanse.
Innsparingar
Tidlegare vedteken målsetjing om effektiviserings- og innsparingstiltak på totalt 53 mill. kroner er vidareført i økonomiplan 2022 – 2025, men det er forskyving i tidspunkt for effekt av nokre tiltak.
Prioriterte driftstiltak i perioden
- Handlingsplan for digotalisering
- Lærlingar - definansering
- Lønspott for harmonisering
- Innkjøpsressurs
- Kreftkoordinator
- Jurist med komptetanse innan barnevern
- Tilskot til kyrkja
- Tilskot til utbygging av breiband/mobil
- Ressurs til å handtere vekst i IKT-utstyr
- Bemanning 24/7 i SySIKT
- Koordiantor brukarar samansette behov
- Ordne arkiv/ digitalisere arkiv/ depot
- Internasjonaliseirng – eigendel og drift
- Controllerstilling – endra finansiering
Prioritert investeringar i perioden
Sunnfjord kommune har ein handlingsregel om at lånegjelda ikkje skal auke.
Økonomisk analyse frå Agenda Kaupang