Årsbudsjett 2022

Årsbudsjettet skal vedtakast med økonomisk balanse, og bygge på realistiske forventningar om utviklinga i inntekter og utgifter. 

Last ned ajourført årsbudsjett 2022 (PDF, 3 MB)

Kort om årsbudsjett 2022

Sunnfjord kommune står i ein stor økonomisk omstillingsprosess. Det er vedteke omfattande innsparingstiltak for å styre mot ein meir berekraftig økonomi.

I tillegg medfører demografiske endringar at vi må omfordele dei pengane vi har frå færre barnehagebarn og skuleelevar til fleire eldre. I tillegg til dette gjer meirforbruk i drifta på 38 mill. kroner i 2021 situasjonen svært krevjande.

Framlegg til statsbudsjett frå regjeringa Solberg gav Sunnfjord kommune ein vekst i frie inntekter på 1,6 %. Låg folketalsvekst tilseier låg vekst i frie inntekter, så veksten i frie inntekter må sjåast i samanheng med endring i demografi der kommunen får fleire eldre og færre yngre innbyggarar.

Driftssituasjonen i 2021, med auka behov innan omsorg og lågare busetting av flyktningar, har gjort det nødvendig å gjere ytterlegare salderingstiltak utover vedtekne innsparingar i økonomiplanen. Totalt utgjer salderingstiltaka 56 mill. kroner for å balansere årsbudsjett 2022.

Det er tilrådd å starte to større omstillingsprosessar snarast

  • Omstilling innan omsorg med mål om innsparing på 7,7 mill. kroner
  • Omstilling innan flyktning og integrering med mål om innsparing på 8 mill. kroner

 

Årsbudsjett 2022 består av eit driftsbudsjett og eit investeringsbudsjett

  • Driftsbudsjettet utgjer totalt 2 017 mill. kroner  
  • Investeringsbudsjettet utgjer totalt 179,7 mill. kroner

Vedteken økonomiplan for Sunnfjord kommune 2022 – 2025 er lagt til grunn for årsbudsjett 2022 

  • Nye innsparingstiltak på totalt 8,2 mill.kroner er innarbeidd
  • Prioriterte driftstiltak (med unntak av 2) på totalt 14,7 mill. kroner er innarbeidd
  • Prioriterte investeringsprosjekt er innarbeidd

Økonomiske handlingsreglar vedtekne i økonomiplanen er følgt opp i årsbudsjettet:

  • Netto driftsresultat på 31,5 mill. kroner dvs 1,6 % av driftsinntektene
  • Disposisjonsfond på 96 mill. kroner dvs 4,7 % av driftsinntektene
  • Netto lånegjeld på 2 376 mill. kroner dvs 118 % av driftsinntektene